Frå torsdag 29. til laurdag 31. august vert det tilbod om å delta i kurs i tørrmuring av steingard.

-Kurset startar med teori torsdag kveld i kurslokalet til Sunnhordland Trafikkopplæring på Leirvik. 
Fredag og laurdag er det praktisk undervisning i Vidsteenparken.

Påmelding etter «første mann til mølla»-prinsippet sidan det er avgrensa med plass. Pris for kurset er kr 500,–. Kurshaldar er Haakon Aase.

Kurset vert arrangert av Venelaget for Parken i samarbeid med Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, fortel Aase Nøttveit til fitjarposten.no.

Påmelding kan sendast til ho. asno@fitjar.kommune.no, eller på telefon 54 45 85 00.