Kultursjef Bente Bjelland ber lag og organisasjonar  i Fitjar inn til kurs for å læra å søkja om pengar.

I Noreg finst det eit utal tilskotsordningar, fortel Bente Bjelland.

– Det er mykje pengar å henta, men folk veit ikkje kva tilskotsordningar som finst, seier ho.

Dette har ho bestemt seg for å gjera noko med, og har bedt Anders A. Vik frå Kristiansund koma til Fitjar for å halda kurs. Han har arbeidd i mange år med å setja seg inn i dei ulike tilskotsordningane. No vonar kultursjefen kommunestyresalen blir full av representantar frå lag og organisasjonar 14. januar. Målet er at fleire skal få pengar til sine lokale aktivitetar fra nye og ukjende pengekjelder.

Bente Bjelland oppmodar folk om å møta opp for å bli kjende med jungelen av tilskotsordningar. I kurset vil Anders A. Vik fortelja kor dei ulike tilskota finst, og korleis ein kan vinkla søknadene for å få tilslag. Påmeldingsfristen er 18. desember, så no gjeld det nytta høvet, seier Bente Bjelland. Ho seier òg at ho vil hjelpa folk med søknader så langt tida rekk.

Folk kan melda seg på til kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland på e-post bebj@fitjar.kommune.no. Dei som har spørsmål, kan ringa henne på 476 86 208.