Denne veka har Fitjar hatt besøk av Anders A. Vik frå Kristiansund, truleg den mannen i Noreg som veit mest
om korleis frivillige kan skaffa seg pengestøtte til verksemda si.

Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland i Fitjar kommune fortel at ho har vore på kurs med Anders Vik tidlegare, med stort utbyte. Tysdag fylte han kommunestyresalen to gonger med interesserte tilhøyrarar. Først var det kurs for kommunalt tilsette på dagtid, og om kvelden kom vel 20 representantar frå det frivillige i Fitjar.

Og det seg ut til at dei opplevde kurset både underhaldande og givande. Vonleg vil dei føla seg like berika når dei no skal bruka dei gode råda frå Anders Vik i praksis.  

Det finst inga utdanning i tilskotsordningar, men Anders A. Vik er ein av dei i Noreg som veit mest om slikt. Han er 25 % sunnmøring, og legg ikkje skjul på at det er ein fordel. Han kjem opphavleg frå Frei kommune, som etter kvart har blitt ein del av Kristiansund kommune, der han arbeider no.

Han har reist rundt i 200 norske kommunar og halde kurs for å hjelpa folk med å finna finansiering til gode prosjekt. Han fortel at Fitjar er den mest positive staden han har vore på si ferd. – Rådmannen har grunn til å vera stolt av staben sin, seier den engasjerte kurshaldaren. Tre av kursdeltakarane i dag har vist ein eineståande førekommande innstilling, dei står klar til å hjelpa folk om dei kjem med spørsmål, seier Anders Vik. Dei tre han siktar til er folkehelsekoordinator Kari Raunholm, kultursjef Bente Bjelland og leiaren i Fitjar Frivilligsentral Ellinor Bergesen.

I løpet av tysdagen gav Anders Vik kommunalt tilsette og mange frivillige reiskapar til ta seg fram i jungelen av stønadsordningar. På sin humørfylte og tankevekkjande måte provoserte han tilhøyrarane til å tenkja nytt.
– Kvifor har de ikkje fått pengar, spurte han retorisk, jo, fordi du ikkje har søkt! Og hadde naturlegvis rett, for dei fleste av oss veit svært lite om kva ordningar som finst.

Me kjenner alle til spelemidlane frå Norsk Tipping, men i tillegg finst det nesten 30 milliardar kroner frå andre kjelder. Anders Vik rekna opp ei mengd pengekjelder som kan vera aktuelle for frivillige lag og organisasjonar, pengekjelder som dei færraste hadde høyrt om før. Det gjeld berre å bli klar over at dei finst, og senda ein søknad. Ofte lukkast du, meinte Vik.

Han gav ei rekkje nyttige råd om korleis ein skal gå fram for å søkja. Det er lurt å tenkja kreativt, og gjerne litt annleis enn alle andre. – Og skriv kort, sa han, kven giddar å lesa 150 sider? Ein søknad bør vera på ei A4-side, med bilete og kontaktinformasjon. Dette er fort gjort, sa han, og gir betre resultat enn om ein sit lenge og produserer ein lang tekst som gjerne ikkje blir lesen.

Altså er korte og enkle søknader det beste, seier Anders Vik. Og så må ein tenkja gjennom ordval, det gjeld å finna dei politisk korrekte orda, og ikkje gammaldagse ord som ikkje slår an. Ei oppglødd forsamling fekk med både gode råd og ikkje så reint lite optimisme med på vegen ut døra. Det gjeld berre å vera oppfinnsam og nå fram til dei som har lyst å hjelpa til med å realisera gode prosjekt.

Etter det humørfylte foredraget til Anders A. Vik bør fleire ha sjansen til å lukkast.