Berre dei ivrigaste potetbøndene i Fitjar møtte opp til tredje delen av det store potetkurset i Fitjar her om dagen.

Då prosjektleiar Kari Rydland lyste til nytt potetmøte på Meieriloftet, viste det seg at fleire aktuelle deltakarar var opptekne med andre jordbruksrelaterte gjeremål. Men dei mest ihuga potetbøndene fekk til gjengjeld ei grundig innføring i opptak, sortering og lagring av poteter. Dagens kurshaldar var Arne Vagle frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland.

Vagle starta med ei oppsummering av sesongen 2011, ein sesong som har vore prega av mykje væte. I Fitjar har fleire av bøndene selt poteter ved sjølvbetjening. Bård Inge Sørfonn fortalte at han har selt poteter på denne måten utan at ein einaste sekk har blitt stolen. På større stader er det nok større fare for svinn. Vagle greidde ut om ein avansert patent til føremålet, med eit røyr som kjøparen kan stappa pengar på. Alle var einige om at det er marknad for potetene om dei gjer det på rette måten. Tørroten har Lars Ove Rimmereid halde i sjakk med sprøyting til rett tid i sommar, mellom alle regnbyene. Dette problemet er større på Jæren; der er den epidemisk. Stengelrote såg me ein del av på førre delen av kurset. Den kjem av dårlege vekstforhold som ved mykje ugras – dårlige vekstforhold for potetplantene gir gode forhold for bakterien. Når plantene blir svekka, aukar faren for utbrot.

Import av setjepoteter er generelt forbode, bortsett frå Asterix frå Finland. Du kan bruka dine eigne setjepoteter, men då aukar du gjerne virusandelen. Matpoteter frå Austlandet kan òg brukast. Det er ringrote som gjer at det er forbord mot import av setjepoteter. I motsetnad til i enkelte andre land veit me kor ringroten er her i landet, og kan halda den under kontroll. Importforbudet gjer at me ikke kan selja poteter i EU. For å unngå sjukdom er tre rådgjerder viktige, nye poteter, nytt areal, og reinhald – alle kassar må vaskast grundig.

For å unngå potetål er det tre viktige omsyn som gjeld: 1. Setjepotetene må vera dine eigne eller sertifiserte. 2. Reinhald: Lars Ove bør spyla traktordekk og sprøyte før han går over til naboane. Vasking kan også gjelda entreprenørar og andre som har arbeid å gjera på eller i tilknyting til jordbruksareal. 3. Vekstskifte kvart 4. år. Det vil seia at du må dyrka noka anna på jorda 3 år før du igjen dyrkar poteter der. Allereie 2. året på same jordstykket blir potetavlinga mindre.

Lysbehandling av såpotetene – ikkje for lenge – gjer at svartskurven ikkje greier seg.  ”Kvar einaste potet skal ha godt leselys”, seier Arne Vagle. Lys gir god kontroll – lyset stoppar veksten, medan varmen set i gang vekst. Svartskurv på potetavlinga viser at setjepotetene burde ha vore beisa. Det er ymse system for å beisa, og det er viktig å hugsa på at dette er gift, presiserer Arne Vagle. Det kan vera ein fordel å setja eldre folk til å stå for beisinga, ikkje unge som framleis står i avl. – Ha respekt for verneutstyr; du bør ha gode hanskar når du arbeider med beis, seier Vagle. Svartskurvsoppen angrip groene i jorda slik at t.d. berre to av fire stenglar veks opp. Dermed blir det færre og større poteter akkurat her, og då blir potetstorleiken i åkeren ujamn. Alle potetene skal ideelt sett vera like store. Radavstand på 80–90 cm er vanleg, og 30 cm mellom potetene i rada. Enkelte går heilt ned i 18 cm for å få jamn storleik på potetene.

Både vekstsprekker og grøne poteter gjer at mykje avling må kasserast. I år har det vore problem med mykje grøne poteter. Det kjem vanlegvis av dårleg hypping, men i år har nok all nedbøren vaska ned fårene.

Lite gjødsel er betre enn altfor mykje gjødsel; det er enklare å kjøra på litt meir gjødsel om nødvendig, enn å ta vekk gjødsel, det er umogleg. Husdyrgjødsel, bør ein ikkje bruka mykje av, meiner Arne Vagle. Kalksapeter bør ein ikkje gjødsla med etter fristen rundt månadsskiftet juni/juli. Blir det for seint, gjødslar ein meir blada enn den delen av planten som er under jorda.

Då Arne Vagle begynte i Norsk landbruksrådgjeving i 1990, la han merke til ein reklame for ”Østlandspotet” på Jæren – korfor skulle den vera betre enn jærpoteta? På Jæren blei kvaliteten på potetene betre då dei skifta ut Faun-maskinen, fortel Vagle. Den kunne brukast i all slags vêr, men det blir dårlege poteter av å ta opp i regnvêr. Dei store potetopptakarane som ein bruker i dag, kan ikkje brukast i dårleg vêr. Dermed blir det berre teke opp poteter i brukbart vêr.

Handsam poteter som egg! Dette gamle rådet gjeld framleis. Når ein behandlar poteter, er det nyttig å hugsa på at ei potet dett til saman rundt 10 meter før ho ligg på middagsbordet. Derfor er det viktig å unngå uforsiktig og røff behandling under vegs; det er lett for at poteta blir skadd. Vagle fortel at poteter ikkje bør behandlast under 8 grader C. Derfor er det ein fordel for jærbøndene at dei må gå i fjøset om morgonen, før dei begynner å ta opp poteter om føremiddagen. Austlandsbøndene har gjerne ikkje dyr å stella, og kan begynna tidlegare på potetåkeren, medan det enno er altfor kaldt om ein skal unngå å skada potetene.

Potetlager er ikkje sjukehus! Det kan vera lurt å skifta belte i opptakeren pga. ulik fukt utover dagen, og skifta tilbake til det første beltet om ettermiddagen. Elles kan det vera lurt å la dei dårlegaste potetene stå att; om dei er dårlege, blir dei ikkje friskare av å liggja på lager. Framtida for alle potetene i år ser ikkje lys ut. Det er nok ikkje håp om god kvalitet for dei som har hundrevis av mål med poteter ståande i åkrane sine på Jæren. Elles er det viktig å vita kor du har dei ulike potetsortane på potetlageret. – Noter kva som er i det enkelte kassane, med raude treklossar eller andre merke, foreslår Vagle.

Det er viktig å vita at poteter treng luft, dei kan ikkje lagrast i plastposar, som gulrøtter. Poteta avgir fukt til lufta rundt seg, RH – realtiv luftfukt – er viktig å passa på, så ikkje poteta tørkar ut. På lageret må ein pumpa inn kald luft nede, og ta ut varm luft på toppen. Altfor tørt lager kan gi 30 % tap i staden for 3–4 prosent, som er naturleg og akseptabelt. For å unngå uttørking kan ein setja potetene på belegningsstein og pøsa på med vatn på golvet. Dersom potetene held 10 grader C, bør rommet til tørking halda rundt 8 grader. Romtemperaturen MÅ vera litt under temperaturen til potetene. Potene skal ikkje kjøla ned lagerrommet; det vil føra til kondens. Potetene må ikkje bli ståande meir enn ein månad i sekk.

Lars Ove Rimmereid ymta frampå om bøndene i Fitjar bør investera i felles potetlager. Arne Vagle poengerte sterkt at sorteringsanlegget ikkje må vera i same rommet som lagert at temperaturen må vera ulik. Han påpeikte òg at det er viktig å ha klare reglar for å komma seg inn i – og ut av – slikt samarbeid. Derfor kan det vera lurt å snakka med folk som har vore med på slike fellesprosjekt.

– Å ha kontakt med andre potetbønder er ein svært god i idé, seier Vagle. Sjølv har han vore med på studieturar til Danmark, og har kaffitreff med potetbønder ein gong i veka. På Bryne har dei arrangert potetsafari dei siste 13 åra – i år med heile 35 potetsortar. I Skjold i Nord-Rogaland er det nokre små nye produsentar som tenkjer lokalt sal. Kanskje det kan vera lurt for Fitjar-bøndene å skipa til treff med desse, eller andre på Haugalandet.

Odd Bondevik har teke over som prosjektleiar for potetkurset i Fitjar, og siste delen blir avvikla på Meieriloftet i november med oppsummering av kurset. Lars Ove Rimmereid seier til slutt at han vonar dei har fått inn potetene då, men han er slett ikkje sikker …