Sigmund Løken frå Stord har laga den finaste pluggen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar fjellsameige skipar i desse dagar til kurs i grindbygging i samarbeid med Fitjar bondelag, og «sveinestykket» er eit nytt bygg oppe ved Olstjødno.

Fleire laurdagar på rad har tolv sterke menn vore travelt opptekne med grindbygging i det  store, nye reiskapshuset på Fitjargarden. Dei tolv lærenæme – og ikkje minst fingernæme – mennene deltar på eit kurs under leiing av Gunnar Kleive, vilt- og skogforvaltar i Austevoll, Fitjar og Stord. I august vil me kunna sjå resultatet av arbeidet, i form av eit stort grindbygg oppe ved utløpet av Olstjødno.

Her er det Nils Øyvind Rydland som gjer ferdig ein plugg. Foto: Kjetil Rydland.

Byggjer hus som «byggjesett» på Fitjargarden

Dei to siste laurdagane har dei ivrige mennene – hovudsakleg frå Fitjar, men òg nokre få frå Stord – vore travelt opptekne med kniv, høvel, sag og hoggejern for å snikra dei einskilde delane til det nye bygget. Alle «byggeklossane» blir laga til heime hos Tore Sigurd Fitjar, og skal fraktast opp til Olstjødno og bli monterte der.

Boret må dyppast i diesel. Foto: Kjetil Rydland.

For at ikkje skal bli for vanskeleg å setja delane rett saman, blir kvar enkelt del nummerert. Dei fingernæme mennene høgg sirleg inn nummer med romartal på stavar, stavleie, skråband og betar. Etter det me kunne sjå, begynte stavleie og skråband å bli ferdige, men etter det me forstår på kursleiar Gunnar Kleive, har dei bruk for to gode arbeidsdagar til; det blir dei to laurdagane etter pinsti. Då reknar han med å kunna leggja alle delane på strø i reiskapshuset til Tya.

Alle skråbnda og dei andre delane blir merkte. Foto: Kjetil Rydland.

Kursleiar med allsidig fagleg bakgrunn – og dyktige handverkarar

Kursleiaren fortel at han har lært byggekunsten på eit tilsvarande kurs på Fjellgardane på Stord for mange sidan, men han har nok meir erfaring med gamle bygningar. Kleive understrekar at han ikkje er handverkar sjølv, men han har arbeidd i fleire år på sagbruk og som skogsarbeidar.

– Så eg veit korleis tre fungerer, seier den engasjerte kursleiaren, og dette er handlingsboren kunnskap, eller «learning by doing!

Kleive har alltid vore interessert i gamle bygningar og har studert tradisjonelle byggeskikkar på Vestlandet i mange år. Og han har skrive ei masteroppgåve i kulturvitskap om emnet ved Universitetet i Bergen

Kleive er svært så fornøgd med elevane sine. Alle viser stor interesse, og gjer godt arbeid, meiner han. På deltakarlista er det både snikkarar, båtbyggjarar og bønder, og oppmøtet er godt. Det han sjølv måtte mangla av handverkskompatanse, ser ut til å finnast i rik mon blant kursdeltakarane.

- Annonse -

– Det går kjapt, og arbeidet blir pent utført! seier kursleiaren fornøgd, og legg til at det første han gjorde, var å utnemna Tya til bas!

Den sjølvsagde basen Tore Sigurd Fitjar med arbeidsteikning og ein plugg som snart er ferdig. Foto: Kjetil Rydland.

Nyttig lagerbygg for Fjellsameiga ved Olstjødno

Etter at delane har lege på strø eit par månader, vil dei bli frakta opp til Olstjødno i august. Då reknar han med at Tore Sigurd Fitjar har fått støypt grunnmuren, og ei 50 rutemeter stor plate. Taket skal vera av den tradisjonelle typen, av dråpeskifer, og det blir ståande kledning, med eit par overraskingar. Dei har kjøpt eit gammalt tak på Stord, og for nokre dagar sidan var Nils K. Rydland og henta det med traktor. Det ligg allereie klart på parkeringsplassen oppe ved Olstjødno.

Styreleiar i Fitjar fjellsameige, Harald Rydland, fortel at dei ser fram til å få eit nytt lagerbygg til fjells. Her vil dei lagra ymse beiteutstyr som saltslikkesteinar og grinder til å tøkja sauer, garn og anna fiskeutstyr og pisker til å sløkkja brann med. Han synest det er kjekt å kunna spandera eit slikt kurs på deltakarane, og kanskje kan dei venta seg ei aldri så lita påskjøning i tillegg til kursavgifta. Harald legg til at prosjektleiar frå Fjellsameiga si side er Johannes Nesse, så han er sikker på at alt er i trygge hender.

Grindbygg er ein fleire tusen år gammal byggeteknikk frå Vestlandet, som du kan lesa meir om i artikkelen Grindverk på Wikipedia.

Tommy Eide nummererer delane, slik at byggesettet skal bli enkelt å setja saman. Foto: Kjetil Rydland.
Skifertaket ligg alt og ventar oppe ved Olstjødno, etter at Nils K. Rydland har henta det på Stord. Foto: Kjetil Rydland.