Bønder i Fitjar er velkomne på kurs i gjerdeteknikk på Stord tysdag i neste veke.

Det er Aase Nøttveit på Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor som fortel dette til fitjarposten.no. Kurset går av stabelen på Grand Hotell Stord, tysdag 22. mars om kvelden kl. 19.00. Tema for kurset blir gjerdeteknikk, beitemanagement og planlegging av fôringsplassar.

Spørsmål kan rettast til Bastian Hoffmann, rådgjevar på landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland, på telefon 41 034 096. Påmelding seinast 19. mars til fmhobah@fylkesmannen.no.

Nærmare opplysningar finn du her: