Fitjar vidaregåande skule startar opp med grunnleggjande kurs i reknearkprogrammet Excel 2007 komande torsdag.

– Kurset går over 6 kveldar à 3 timar, og du vil læra å laga, redigere og formatere rekneark med formlar, funksjonar og diagram. Det er framleis nokre ledige plassar, og du kan gå inn på skulen si nettside for meir informasjon og påmelding. Påmeldingsfrist måndag klokka 12.00, melder Rolf-Atle Rolfsnes ved Fitjar vidaregåande skule.