Hordaland Fotballkrins og fotballgruppa skipa til inspirerande kurs om barnefotball på Fitjar torsdag kveld. Hordaland Fotballkrins ønskjer i samarbeid med NFF å setja ekstra fokus på barnefotballen i løpet av vinteren og våren. Derfor inviterer dei trenerar, lagleiarar og foreldre for 7-12-årslaga i klubbane til ein kveld med fokus på best mogeleg aktivitet for dei yngste. I går kveld var turen komen til Fitjar, og til å gjennomføra opplegget hadde fotballkrinsen hyrt inn den gamle kjenningen Jostein Almås frå Solid.

Barnefotballkvelden bestod av 2 skuletimar teori og 2 skuletimar praksis med gjennomgang av øvingar ute. Etter teoridelen i klubbhuset, gjekk dei ned på kunstgraset. I det bikkjekalde marsveret fekk dei 15-16 deltakarane mange tips til bruk i den daglege treninga. I løpet av kvelden blei det teke opp emne som verdiar og retningslinjer i barnefotballen, verkemiddel i klubben, god fotballaktivitet i praksis og konsekvenser for den lokale klubben. Målet med kvelden var ifølgje fotballkrinsen å gi litt ekstra inspirasjon og bidra til auka forståing for heilskapen i klubben.

Og minileiar i fotballgruppa, Anne Helene S. Vestbøstad, kan stadfesta at målet blei oppnådd. Kurset var veldig kjekt og inspirerande, og ikkje minst drøsen etterpå. Med som markørar for kursleiar Jostein og kursdeltakarane var jentelaget frå 1999 og ein del jenter frå 1998, 1997 og 2000. Dermed fekk jentene seg ei ekstra treningsøkt, noko dei såg ut til å setja stor pris på. Anne Helene fortel at dei var veldig flinke, og jentene på si side let vel om at dei hadde det gøy. Dei ville ikkje gå heim kl. 21, men trena meir! 

Avslutningsvis seier minileiaren at ho vonar og trur fleire blei inspirerte til innsats under gårsdagens kurs. Frammøtet på 15-16 trenarar, og nokre foreldre i tillegg, må seiast å vera godt. Ho seier ho vonar det kan bli fleire økter ute der dei vekslar erfaringer og viser øvingar for kvarandre.