Kan du tenkje deg å hjelpe andre menneske til å bli meir fysisk aktive? Då kan du melde deg på kurs i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Det er Fitjar frivilligsentral saman med Hordaland Idrettskrets, Fitjar Idrettslag og Folkehelsekoordinator i Fitjar kommune som inviterer til kurset.

– Målet for kurset er å gi inspirasjon og nye idear til menneske som kan tenkje seg å vere personleg trenar for folk som slit med psykisk helse – eller av andre grunnar treng hjelp for å kome seg på trening. Kurset kvalifiserer òg til arbeid som treningskontakt/ fritidskontakt og er såleis fint å ha på CV-en, fortel Ellinor Bergesen ved Fitjar frivilligsentral.

Ho understrekar vidare at ein ikkje treng å vere i topp fysisk form for å ta kurset, og vonar at både ungdom og andre generasjonar vil melde seg på.

Ønskjer du å vere med, må du melde deg på innan 30. august til Fitjar frivilligsentral. E-post: frivillig@fitjar.kommune.no eller per post til Fitjar Frivilligsentral, Sentrum, 5419 Fitjar.

– Kurset kostar kr. 1000,-, men denne summen kan bli refundert ved søknad, seier Bergesen til slutt.

Klikk på annonsen oppe til høgre på denne sida for meir detaljar.