Fitjar kommune og Fitjar frivilligsentral er saman om å invitere til parkurs for alle som har fått barn frå juli 2011 og til og med august 2012.

– Det å vere småbarnsforeldre gir livet ein ny dimensjon, samstundes som det gir nokre nye utfordringar for parforholdet. Kurset ”Godt Samliv” er eit tilbod til alle forstegongsforeldre, og hovudfokus er å styrka parforholdet etter at ein har blitt foreldre, heiter det i ei pressemelding om kurset.

Her kan me lese vidare: – Eit styrka parforhold er og ein styrke av oppvekstvilkåra for barnet! ”Det gjeld å ikkje ta sorgene på forskudd, men likevel vere budd på dei problema som kan dukke opp.” Mange tenker at ”me har ikkje nokre problem, så dette er ikkje noko for oss.” Dette kurset er heller meint som førebygging, slik at ein er betre rusta til dei utfordringane som vil kome.

Kurset vil gå over to kveldar, der fleire foreldrepar i lag med to kursleiarar tek opp tema som er aktuelle: Endringar i parforholdet som foreldre, kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, glede og glød.

Det blir ein blanding av at kursleiarane innleiar litt om dei aktuelle temaa, kombinert med at de som foreldre får tid til å samtala dykk to imellom.

Kurset er gratis, og det vert pauser med mat og drikke. Kurshaldarar vert Dan Torbjørnsen og Annbjørg Tvedt. Vår hovudtanke er at barnet óg har det best med foreldre som har eit godt forhold. Alle vil det beste for sine barn, og det beste ein kan gi sine barn er foreldre som har det bra i lag!

Kurset vil gå måndag 21. januar og måndag 28. januar 2013.  

Spørsmål og påmelding telf 53458609/53458607 eller antv@fitjar.kommune.no. Innan 16. januar. Ynskjer du å vita meir om kurset kan du gå inn på www.godtsamliv.no.