Førstkomande onsdag blir det kurs for nye fotballdommarar i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Det er dommaransvarleg i Fitjar Idrettslag, fotballgruppa, Finn Ingvar Havnerås, som melder dette til Fitjarposten. Som vanleg er det Roald M. Nilsen som held dette kurset, slik han har gjort i mange år.

Dette er eit fint høve til å gjera seg kjent med fotballreglane som gjeld i barnefotball, seier Finn Ingvar Havnerås. Kurset er gratis. Målet med kurset er å gje deltakarane gode haldningar og grunnleggjande regelkunnskap slik at dei kan vera dommarar i barnefotballen, 5ar- og 7-arfotball. Anbefalt nedre aldersgrense er 13 år, dvs. det året ein fyller 13 år.

Spørsmål kan rettast til dommarkontakt Finn Ingvar Havnerås. Ein kan møta direkte på kurset utan påmelding, i Fitjar kultur- og idrettsbygg, onsdag 24. april kl. 17.30.