Over hundre menneske var til stades i Moster Amfi, då varaordføraren i Bømlo, Ola Ersland, lanserte ”Minnebok frå 50-talet”, med Knut Johannesen på plass. Boka til Erland har fått tittelen ”Ei anna tid”, og det var så  visst også ei anna tid da Knut Johannesen blei verdsmeister i Østersund i 1957, ei hending boka fortel om, og som Knut Johannesen kunne fortelje om med eigen munn på Moster Amfi, laurdag. Han fortalde òg levande om 10 000-meteren i Squaw Valley – og tok  publikum med storm.  

 

– Eg opplevde at han som ein utruleg varm person, som gjennom sin sprudlande måte å fortelje på, fengde folket med ein gong. Aldeles strålande, seier Ola Ersland som er imponert over at Kupper`n tok seg tid til dette.

 -Bakgrunnen var at eg sende kapitlet om skeise-VM i 1957 over til Per Jorsett for verifisering. Jorsett sende det då vidare til Knut Johannesen, som utruleg nok tok direkte kontakt med meg, smiler forfattaren, strålende nøgd. 

 Boka til Erland handler likevel ikkje mest om skeiser. Den inneheld mest korte tilbakeblikk om episodar frå Ola  sin oppvekst på garden Ersland på Bømlo. Episodar som nok fitjarbuen òg vil kjenne seg att i.