Elevane ved visuelle kunstfag i Kulturskulen har laga og plassert eit  vakkert kunstverk ved sida av inngangen til Rådhuset.

Rektor Anne Lene Ø. Jordåen fortel til fitjarposten.no at elevane har vandra rundt på Fitjar og laga seg tankekart om kva dei forbind med Fitjar.

– Ut ifrå dette har dei så laga dette store maleriet. Med god hjelp av kjekke vaktmeistrar i kommunen fekk me montert biletet i dag! opplyser ho.

Lærar for elevane er Torill Berger Falk, og elevane som har måla er: Oda Volden de Fine, Helen Volden de Fine, Emilie Haukeland, Eline Havnerås, Lea. H. Hovland, Hedda S. Knarvik, Benedicte Nesbø og Stina Vik.

Ingressbilete: Kunstverket er plassert like ved inngangen til Rådhuset. Foto: Wenche Tislevoll