Kunstutstillinga «Five thousand generations of birds» som fann stad i Fitjarøyane i august, inspirerte barna på «Gaukareiret» i Fitjarstølane barnehage til å lage si eiga utstilling. 

Utstillinga vart opna fredag kl. 11.00 med snorklypping og sjampanjebrus.

– Mange av borna hadde vore på utstillinga, og dei som ikkje hadde fått ho med seg blei kjent med utstillinga gjennom bilete og video som me viste på storskjerm i barnehagen, fortel Mona Kristin Tufteland til fitjarposten.no. Han fortel vidare at borna deltok så i samtalar om kva som er kunst og kom med sine eigne meiningar om kunstverka i ”Five Thousand Generations of Birds”.

– Me laga plakat med bilete frå kunstprosjektetet, og ved denne har borna stått og diskutert verka. Så gjekk me over til eigenproduksjon. I grupper på 6-10 born har dei laga fargerik kunst i ulike materiale. Dei har fått jobba med forskjellige teknikkar, verktøy og utstyr. Sjølve prosessen med å lage kunsten har vore spennande, og borna kan vera stolte av dei fine kunstverka sine, seier Tufteland.

Ho understrekar til slutt at i tillegg til sjølve arbeidet med å lage kunsten har den språklege delen av prosessen vore viktig. – Dei eldste borna har i den samanhengen laga fantasifulle historier til nokre av kunstverka frå ”Five Thousand Generations of Birds”.