Tysdag kveld skipa Fitjar kulturskule til kunstutstilling i Losjehuset.

Det var elevane på visuelle kunstfag i kulturskulen som stilte ut arbeida sine, på den første eigne kunstutstillinga dei har hatt.

Med på opninga av kunstutstillinga var rektor i kulturskulen, Anne Lene Østvold Jordåen og lærar Torill Berger Falk. Saman med dei ni ivrige kunstelevane, foreldra deira og ein del besteforeldre og andre vener og kjente.

Tilbodet i visuelle kunstfag starta i januar 2013, fortel rektor Anne Lene Ø. Jordåen, og i haust har me hatt ni ivrige elevar som har jobba her i Losjehuset under leiing av Torill Berger Falk. Tilbodet er for elevar frå 5. klasse og oppover, fortel rektor.

Ho er fornøgd med aktiviteten og er i tillegg glad for at Losjehuset har vist seg så veleigna. – Her er det alltid arbeidsro og god stemning når eg kjem innom, seier ho, og me håpar sjølvsagt at den gode stemninga skal vara ved, og at me kan skipa til fleire slike fine utstillingar. Etter som Losjehuset har vist seg som ein god stad å vera, er ho svært glad for at det er løyvt pengar til oppussing av huset.

Før den høgtidelege opninga ved lærar Torill Berger Falk spelte kunstelev Oda Volden de Fine «Det lyser i stille grender» på Gitar. Ho er elev både i gitar og visuelle kunstfag. Den engasjerte læraren fortalte levande frå arbeidet i Losjehuset. Ho sa det hadde vore kjekt å sjå kor flinke elevane hadde vore å leika seg med fargar, at dei hadde vore modige og fått fram mange ulike nyansar.

Utstillinga vil òg vera open tysdag 17. desember kl. 17.00 – 19.00. Me meiner det er vel verdt å ta turen.