I ettermiddag starta det spennande prosjektet som vert leia av Jørund Fjøsne. Deltakarar er kulturskuleelevar i 5. og 6. klasse.

Dei elevane som går i 5.-6. klasse og som er elevar i kulturskulen fekk tilbud om å delta på eit kunstprosjekt leia av fitjarkunstnaren Jørund Fjøsne. Vanleg undervising går ut denne veka, og elevane får istaden anledning til å konsentrera seg om andre kunstformer enn musikk.  Elevane får bli kjend med heilt nyskrive musikk og skal ut frå denne laga ein papirskulptur med lys inni. Til slutt skal skulpturen stillast ut i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

15 kulturskuleelevar møtte opp til prosjektet, og fekk eit spennande møte med fitjarkunstnaren Fjøsne og samtidsmusikk skrive av Knut Vaage frå Sunde i Kvinnerhad. Musikken er svært annleis enn Abba-musikken  som enkelte av elevane poengterte var deira favoritt. Jørund forklarte at akkurat som ein kan læra å lika ulik mat kan ein og læra å lika ulik musikk, sjølv om den  i starten verkar svært ukjend for oss.

Fjøsne tok dei frammøtte med inn i musikken ved å lytta, tenka, samtala, teikna, dansa, bruka rytmeinstrument og ved å bruka lykter som lyste. Og ungane var med på «leiken». Sjølve skulpturen kom dei ikkje så langt med denne dagen, men det kjem ein ny dag i morgon. Torsdag kl. 16.30 er det klart for vidare arbeid med kunstprosjektet, og strålande ansikt på dei som forlot salen vitnar om at mange gler seg til det.