Dei som har båt eller ledig husrom i sommar, kan vera med og hjelpa til med det store kunstprosjektet som skal arrangerast i Fitjarøyane i august, fortel Lene Tufteland til Fitjarposten.

Tida går, og me nærmar oss helga 10.-12. august. Den verkar fjern for oss andre, men ikkje for Geir Tore Søreide og Lene Tufteland. Dei har nemleg teke på seg å vera frivillige hjelparar for det store kunstprosjektet «Five thousand generations of birds«, som skal avviklast i Fitjarøyane samtidig med Fitjarfestivalen. Det er snakk om ei svært spesiell kunstutstilling på Smedholmen og kringliggjande øyar og skjer. Her vil kunstnarar frå mange land visa fram skulptur- og installasjonskunst. Kunstnarane får utdelt kvar sin holme der dei skal stilla ut sitt verk. Vêrforhold, tidevatn og vekslande naturleg lys og andre ytre element vil virka inn på arbeidet under vegs på det ferdige resultatet.

Etter tre produksjonsveker vil utstillinga vera klar til helga 10.-12. august. I løpet av desse vekene kan fitjarbuen og andre interesserte følgja med på kunstnarane sin produksjon på holmane, etter kvart som produksjonen veks fram. Under sjølve utstillingshelga vil eigne utstillingsbåtar guida tilskodarane mellom holmane. Om kvelden fredag 10. august blir det arrangert eit performance-program på Smedholmen, der publikum kan vandra fritt rundt. Arrangørane håpar prosjektet vil trekkja kunstinteresserte frå inn- og utland til Fitjarøyane. Arrangementet vil vera gratis for publikum.

Dette kunstprosjektet er ikkje er ein del av Fitjar-Festivalen, fortel Lene Tufteland, sjølv om det blir avvikla same helga. Det er snakk om eit eige prosjekt med eigen økonomi, men dei samarbeider programmessig med Fitjar-Festivalen, og reknar ikkje med å «stela» folk frå dei. Prosjektleiarar og initiativtakarar er Silje Linge Haaland frå Fitjar og Andrea Bakketun frå Trondheim.

Lene er frivillig ressursgruppeleiar for prosjektet og vender seg til fitjarbuen med bøn om hjelp. Først og fremst er ho interessert i hjelp til å ta imot overnattingsgjester. Dersom du har ledig hytte, naust eller kjellarleilegheit i perioden frå midten av juni til midten av august, er ho svært takksam om du tar kontakt. Kunstnarane, produsenten, fotografen og prosjektleiinga vil ha bruk for husrom heile denne perioden, og prosjektet vil kunna tilby ei viss godtgjersle. I slutten av juli og byrjinga av august vil det bli behov for endå fleire sengeplassar.

Om du har noko ledig, blir Lene glad om du tar kontakt med henne på telefon 47 63 32 35, eller e-post: lenetufteland@gmail.com. Helga 10.-12. august treng dei og ein god del frivillige med mindre båtar for å ta publikum med på utstillinga, som er på mange forskjellige øyar. Dei som vil hjelpa med slik båttransport, kan ta kontakt med Geir Tore Søreide på telefon 91 84 55 74 eller e-post: geir.t.soreide@haugnett.no.

Lene Tufteland oppmodar folk frå fjern og nær til å få med seg denne spesielle kunstutstillinga. Dette blir ei spanande oppleving, forsikrar ho, medan ho skodar forventningsfullt utover mot Fitjarøyane.