På initiativ frå kultursjef Bente Bjelland har ei rekkje lokale kunstnarar no danna Fitjar Kunstlag. Førebels med eit interimsstyre der Leif Hedman (biletet) er leiar. Foto: FP-arkiv/HCH

– Det er viktig å få i gang noko og få aktivitet i det nye galleriet vårt, seier Hedman som fortel at Fitjar Kunstlag si første oppgåve vert å vere vakter under utstillinga til Jan Willy Folgerø-Holm som opnar i morgon, laurdag.

Laget er elles ikkje «skikkeleg danna» enno.

– Det skal skje på nyåret.

Men tanken er at Fitjar Kunstlag skal arbeide for å få aktivitet i Galleri Losjen.  
Det treng elles ikkje berre vere biletutstilling me snakkar om; det kan òg vere konsertar me vil jobbe for, smiler Hedman.

Kva som skal skje i huset, og kven som får ha utstilling der, vert det så opp til styret i Fitjar Kunstlag å bestemme, om det blir slik tanken er no.