Fredag byrja ein å rulla ut kunstgrasmatter på den gamle idrettsplassen i Fitjar. No skal desse limast og handsamast etter rette førehandsreglar, før banen vert teken i bruk.  -Men om rundt 10 dagar skal banen vera speleklar, opplyser Jeroen (Jack) Oudshoorn frå firmaet "Multigrass international" som legg kunstgras-dekket. Heilt vedlikehaldsfritt er det ikkje. -Ein gong i veka må me "børsta" det, og minst eit par gongar i halvåret må me gå endå grundigare til verks, fortel Tore Nesbø til Fitjarposten. -Men utstyr til å gjera alt dette, får me med, legg han til.

Kunstgrasbanen er kostnadsrekna til 2,5 millionar kroner. Då har ein ikkje teke med rabattar ein har fått, og ein stor dugnadsinnsats i frå Idrettslaget si side. Ein får 1.3 millionar kroner  i spelemidlar.

- Annonse -