Ei flettande ny kunstgrasbane opnar i Dåfjorden like etter skulestart. I det heile er det ei svært spennande utvikling i krinsen.

Men først kunstgrasbanen. Pådrivar for både denne banen, og mykje anna i krinsen, Annar Westerheim, fortel til fitjarposten.no at det er utført rundt 900 dugnadstimar med oppgradering av grusbanen som vart bygd i 2001. (Då var det utført om lag 500 dugnadstimartimar, og ein fekk tildelt 480 000 kr i tilskotsmidlar.) Oppgraderinga til kunstgras med fotballbane og aktivitetsfelt for volleyball, tennis og badminton, har ein kostnad på 1,1 millionar kroner. Totalverdien på heile anlegget kjem på heile 1 million 580 tusen kroner. – Midlane er i hovudsak pengar som velforeininga har fått gjennom utallege søknader, opplyser Westerheim. – Med dette har både krinsen og kommunen fått eit flott aktivitetsområde for elevar, ungdom og vaksne.Kommunen sin andel i anlegget er 50 000 kr i midlar – i tillegg til rekneskap og momskompensasjon, legg han til.

Spennande utvikling
Elles viser den store aktiviteten i bygda igjen på netto tilflytting til krinsen. 11 personer har bygd og kjøpt seg hus i Dåfjorden i år, og dei kjem alle som ein frå andre kommunar.

– Så Dåfjorden opprettheld netto tilflytting, i motsetnad til andre plassar der dei som byggjer stort sett flyttar innad i kommunen, seier Annar, som vidare fortel at akkurat no er eit hus bygd for sal – og to nye tomter er klare for bygging. I tillegg er det selt tre hustomter. 

Så med skule og barnehage i tillegg til flotte turløyper (med nasjonal merking) og eit flott kunstgrasnlegg, er alle velkomne til eit aktiv bygdesamfunn i Dåfjorden, reklamerer Annar Westerheim til slutt.

Ingressbiletet og biletet øvst til høgre viser kunsgrasbanen med utsikt mot Siggjo og Nyleia. Langs heile banen mot terrenget er det laga god plass for å ta ein pust i bakken og for publikum. Foto: Annar Westerheim