Arkivfoto: Kjetil Rydland/ Fitjarposten

Kunstgrasbana på Fitjar skal få ny sportsbelysning i 2019.

Bana som er eigd av Fitjar kommune, men drifta og vedlikehalden av Fitjar idrettslag, fekk lysanlegg i 1985, med utskifting av armatur i 2002. Dette anlegget har vore dimensjonert for trening, og er ikkje berekna eller godkjent for kamp.

Tradisjonell eller LED belysning?

Fitjar kommune lysa saka ut på anbod i haust. Dei ynskjer fullt lys 200lux, og treningslys 75lux. Anlegget inneheld 6 master med høgd på 18m, med totalt 14 lyskastarar. Kommunen bad om tilbod med tradisjonell belysning som alternativ 1, og LED-belysning som alternativ 2.

Saman med ei faggruppe i frå Fitjar idrettslag har kommunen no vurdert tilboda, og rår til at ein vel LED-belysning. Dei viser til betre kvalitet, billigare vedlikehaldskostnadar og driftsutgifter. LED-belysninga er dyrare å kjøpa inn, men dei har rekna seg fram til at ein vil spara 400.000,- over 20 år i drifts- og vedlikehaldskostnadar.

Sparar på sikt

Ein har i økonomiplanen for 2019-2022 løyvd 800.000,- til ny sportsbelysning på Fitjar kunstgrasbane, medan LED-alternativet vil kosta nærmare 1,1 mill.

Fleirtalet av formannskapet på Fitjar gjekk onsdag inn for LED-belysning til banen, sjølv om det vert dyrare. Representant Sigurd Andre Maraas, var den einaste i formannskapet som tok til ordet for å velja alternativet med tradisjonell belysning. Han ynskja at ein skulle halda seg til budsjettet, og meinte ein måtte kunne garantera at ein slapp vedlikehaldskostnadar på LED-belysninga.

Gravinga er i gang. Foto: Fitjar Idrettslag

Representant Agnar Aarskog, meinte at ein her måtte sjå på sparingane ein gjer på sikt, då LED-belysninga har lengre levetid enn vanleg belysning.

I tillegg til nytt lysanlegg skal ein få ny kunstgrasmatte på bana i Fitjar i løpet av året. Fitjar IL som i år feirar 70 års jubileum, har allereie byrja på gravarbeidet til det nye lysanlegget.

- Annonse -