Onsdag 29. mai var det flott kunstutstilling, kafe og «Forut Solidaritetsaksjon for utvikling sin barneaksjon Malawi» i Fjellheim Friluftsbarnehage.

– Dette er eit årleg arrangement me har ute i barnehagen. Barna førebur seg og lagar mykje flott kunst som me sel på utstillinga. Foreldra hjelper til med å bake kaker som vert selt på kafeen. I tilegg sel me ulike leiker og produkt frå Forut, fortel styrar Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no.

Ho fortel vidare at dei på føremiddagen mellom kl.10 og 11 fekk besøk av besteforeldre i barnehagen, og mellom kl. 14.30 og 16.30 var det høve for foreldre og søsken å komme.

– Det var stor oppslutnad om arrangementet, og me fekk inn kr. 9746,- som me har sendt til Forut, seier Nilsen til slutt.