Foto: Supboards Norway

13.juli vert det introduksjonskurs i brettpadling i Kråko.

Kråko Utvikling har inviterte kursinstruktørar frå Supboards Norway til å hala kurs i Port Steingard.

– Supboards Norway held til i Glesvær på Sotra, og 13.juli lastar dei båten full av brettpadleutstyr og kjem til Kråko for å halda kurs for oss, skriv Jorunn Hernes i Kråko Utvikling. Ho fortel at ein får låna utstyr på kurset, men det vert mogleg å kjøpa brett for dei som vert bitt av basillen.

– Brettpadling er god trening for heile kroppen. Det er ogso ein fin måte å lufta hovudet på. Sporten passar for alle, både som trening, leik og som ein måte å komma seg ut i naturen, fortel Hernes om den sterkt veksande sporten i Noreg.

Ho fortel at på kurset lærer ein grunnleggande padleteknikk, slik at du får auka tryggleik og ekstra stor padleglede. Kursinstruktørane og Hernes garanterer ei kjekk stund.

Kurset varer i 2 timar, og ein kan velja mellom to tider kl.10-12 eller kl.14-16.

Påmelding via e-post til jorunn.hernes@krako.no, innan 30.juni.

- Annonse -