Då rektor Anne M. Ø. Jordåen ønskte velkommen til konsert i føremiddag, var ho gledeleg overraska over frammøtet. Og me som var til stades gledde oss over vakker song og musikk som vart framført.

Utøvarane var mange, både jenter og gutar i ulike aldrar. Den yngste gjekk i 1. klasse, og pianospel meistra ho. Det same gjorde dei to jentene som spelte firhendig.

Nokre elevar viste at dei kunne få god låt i fløyta både i samspel og åleine. Innimellom alle innslaga fekk me vere med å syngje fleire kjende og kjære julesongar. Ingrid og Hildegard avslutta konserten med flott duett.

Tilhøyrarane som var besteforeldre, pensjonistar eller foreldre hadde høve til å nyte ein kopp kaffi, julekjeks og mandariner medan dei unge spelte eller song.

Takk for ei triveleg stund i foajeen i kulturhuset i dag !