Det nye kulturskuleåret starta mandag 18. august med felles møte i kultursalen for dei som skal ha undervising i song, piano, gitar og fløyte, og samling på skulen for dei som skal vera med i skulekorpset. Det er i år rekordmange elevar i kulturskulen, og fortsatt står mange på venteliste.

I haust har kulturskulen 79 plassar. Det er flest elevar som høyrer til i skulekorpset, men det er og tilbod om undervising i piano, gitar, song og tverrfløyte. Fløyte er nytt av året, og er eit resultat av ei lita auke i bevilginga frå politikarane. Alle som ynskte det, totalt 5 stykkjer, har fått plass på fløyteundervising. Dessverre er det mange andre som ikkje er så heldige, og heile 34 små og store som står på venteliste i kulturskulen. Det er fullt både på gitar, song og piano, og i tillegg er det nokon som har ynskt å gå på dans, som kulturskulen på Fitjar dessverre ikkje har økonomi til å tilby i haust. Alderen på dei som deltek i kulturskulen er frå 1. klasse til vaksne. Noko av undervisinga foregår i grupper, andre har timar åleine. Alle elevane betaler ei elevavgift for å vera med, men tilbudet er sterkt subsidiert av kommunen.

Skulekorpset starta med ei informasjonssamling for dei nye aspirantane og foreldra deira på skulen. Korpset gler seg over heile 11 aspirantar i år, og deriblandt svært mange gutar. Alle tek til med å læra å spela kornett, og så får dei eventuelt andre instrument etter kvart. Men først skal dei læra å spela på berre leppene, så øver dei på å få lyd i munnstykket, og først når dei har kontroll på det er dei klar for kvar sin kornett. I sjølve skulekorpset er det 26 musikkantar. Bortsett frå dei aller eldste, har dei som går i skulekorpset gruppeundervising i kulturskulen i tillegg til skulekorpsøvingane. Alderen på musikkantane er frå 3. klasse til 1. klasse på vidaregåande.

Då aspirantane gjekk heim tok korpset til å øva. Dei hadde levert inn litt av dei gamle notane og fått utdelt nye. På tross av ein lang sommarferie låt det svært så bra. Her var det nok mange som hadde fulgt diregent Svein Roger Koppang si oppfordring om å øva i ferien. Det var og ein del som hadde delteke på sommarkurs i regi av Norges Musikkorps forbund. Dei bladspelte den kjende Vampsongen Månemann, og sjølv om det naturleg nok fortsatt er mykje å jobba med, låt det så bra at me nesten høyrde Vidar Johnsen syngja i bakgrunnen….

Me ynskjer elevar og lærarar eit godt kulturskuleår, og gler oss til framtidige konsertar!