Etter artikkelen her på Fitjarposten om nye tilbod og rekordmange elevar i kulturskulen, har det kome fram at og i tidlegare tider var det langt over 100 elevar som fekk musikkundervising, og det har og tidlegare vorte terpa på bogegrep og fiolintonar i kommunal regi.

Fitjarposten-redaktør Håkon C. Hartvedt, som var Fitjar musikkskule sin første rektor, har engasjert seg i saka og kome med interessante opplysingar om musikkskulen sine første år.

Fitjar kommunale musikkskule, som det heitte den gongen, vart starta i 1976. Det første året var det 90 elevar som fekk musikkundervising. To år seinare, skuleåret 1978/1979, var det heile 170 elevar i musikkskulen. Dette året var det og undervising i fiolin, i tillegg til gitar, fløyte, blokkfløyte, trekkspel og messingblåseinstrument, kan Håkon fortelja. Fiolinlærar på den tida var Jens Rydland Dahle frå Stord, og den første eleven var Bjørn Harald Rydland. Den gongen var det og ein del vaksne som tok timar i musikkskulen, rundt 20 stykke, antar Håkon. Musikkskulen hadde og musikkbarnehage, som var med på å dra talet på elevplassar betydeleg opp.

I 1992 skifta Fitjar kommunale musikkskule namn til Fitjar kulturskule og fekk dagens form.