Isabell Polden Andersen framførde sikkert og flott MGPjr-låta Vestlandet. Foto: Helga Rimmereid

Kulturskuleelevar hylla det nye orgelet

Onsdag kveld i orgelfest-veka var det Fitjar kulturskule sin tur til å invitera til konsert i kyrkja og å hylla det nye kyrkjeorgelet.


Fitjar skulekorps opna konserten med eit spennande arrangement av Navnet Jesus. Foto: Helga Rimmereid

Fitjar skulekorps med sin dirigent Svein Roger Koppang opna konserten på høveleg vis med Navnet Jesus. Vidare fortsette dei med Be thou my vision med Thea Træet og Ingeborg Prestbø som solistar på euphonium og A Thousand Years med  Thea Træet som songsolist. Korpset avslutta si avdeling med Dag Kajander sin flotte Lofotkoral. Korpset er stort og det var trongt for dei framme i kyrkja, ikkje minst for slagverkgjengen som måtte trykka seg inn bak lysgloben, innanfor altarringen og under preikestolen, men det la ingen dempar på kvaliteten og framføringa. Det høyrdes flott ut, som alltid. Og det og på tross av at den «nye» akustikken i kyrkja er ei utfordring for korpset. For deira del har det nok blitt litt for mykje av det gode og spesielt nokre instrument strevar med å nå fram i lydbilete, og såleis er nok ikkje kyrkja korpset sitt føretrekte konsertlokale. Men det klang fint, og spesielt på rolege og vare parti var det ei stor glede å lytta til dei. 

Fire av kulturskulen sine mange piano-elevar var med på konserten. Mari Fitjar Hjelle framførde eit tema frå Mozart sin pianosonate nr 16, Sofie Rimmereid spelte preludium i C-dur av Bach og Maria Korsvik spelte den kjende Til Elise av Ludwig van Beethoven. Alle flinke pianistar med flotte framføringar av kjende klassiske pianostykke, og pianotonane kom fint fram i den ny-oppussa kyrkja.


Maria Korsvik med eit trygg og flott framføring av pianostykket Til Elise. Foto: Helga Rimmereid

Pianoelev Eline Fitjar Hjelle hadde valt eit like kjend, men nyare, musikkstykke. Ho framførde Forrest Gump theme av Alan Sivestri, kjend frå filmen Forrest Gump. Nydeleg, vart og leikent framført, og det var som me såg fjøra frå filmen dala ned i kyrkja.

Isabell Polden Andersen er songelev hos Andre Westerheim. Sjølv om ho er ung og var heilt åleine på «scenen» stod ho stødig og framførde fint og reint den nye og populære songen Vestlandet, frå Melodi grand prix junior. 


Ole Andre Stokken og Jone F. Grutle akkompagnerte Thea Træet si framføring av Slow dancing in a burning room. Foto: Helga Rimmereid

Gitarelev Ole Andre Stokken hadde med seg gitarlærar Jone Folderøy Grutle og og songelev Thea Træet på John Mayer-låta Slow dancing in a burning room. Ei svært flott framføring med fin vokalprestasjon og framifrå gitarpsel.

Konserten vart avslutta med lyden av det nyinnvigde orgelet. Kantor Jan Overweg framførde Menuett Gotique av Leon Boelmann, og nok ein gong fekk dei frammøtte nyta lyden av ein profesjonell musikar og eit flott instrument. 


Kantor Jan Overweg på orgelkrakken på det nye kyrkjeorgelet, som både tar seg fint ut og høyres fint ut. Foto: Helga Rimmereid