Det var Fitjarposten, ved Håkon C. Hartvedt, som fekk Fitjar sin kulturpris for 2009. Prisen fekk dei for å ha plassert fitjarbygda på kartet på ein positiv måte.

Under 17. mai arrangementet i parken vart kommunen sin kulturpris for 2009 delt ut til Fitjarposten ved Håkon C. Hartvedt. Det var ordførar Harald Rydland som saman med kultursjef Elise Aarbø stod for den høgtidelege overrekkinga, som i tillegg til oppmuntring, ros og gode ord bestod av eit bilete signert Kjellesvik. Det var ein svært glad prisvinnar som tok imot utmerkinga.

Hartvedt er redaktør for Fitjarposten, som både er ei næringsavis i papirformat og ei svært populær lokal nettavis som vert lesen i alle kantar av verda. Det tek til å bli nokre år sidan Håkon, saman med sonen Helge Mikal Hartvedt, starta det litt ville prosjektet med ei lokal nettavis for «litle» Fitjar. Svært mykje av arbeidet er vorte gjort av rein idealisme, og har naturleg nok teke mykje tid. Nettavisa har vorte stadig meir populær, og med stor aktivitet i bygda og mange interessante saker og arangement, vart avisarbeidet etter kvart altfor mykje for ein til to menn. Då redaktøren var klar for å gje seg for to-tre år sidan vart det «rama-skrik» i bygda. Avisa hadde blitt ein naturleg og viktig del av livet til mange. Redaktøren fekk då med seg ein flokk med frivillige skribentar, slik at avisa kunne fortsetja, og Håkon starta sin takketale med å rosa desse. I tillegg til å takka kommunen for den oppmuntringa prisen er, takka han for støtte frå eit positivt næringsliv, alle som kjem med tips og saker til avisa og Han som har sagt han gjev oss styrke etter som dagen er. Stor takk gav han og si kjære kone Torill som er hans daglege oppmuntring.

Ordførar Rydland sa i sin tale at Fitjarposten vart kåra til vinnar av kulturprisen for 2009 avdi den gjennom sine medarbeidarar dei siste åra har bidrege til å setja fitjarbygda på kartet på ein svært positiv måte. Særskild vert alt det gode arbeidet som føregår innan frivillig sektor i Fitjar formidla og gjort kjend. Svært mange av bygdefolket og folk utanfor bygda som er glade i fitjarbygda gjev uttrykk for at dei set stor pris på det arbeidet Fitjarposten gjer. Sjølv om drifta av Fitjarposten ikkje fullt ut er å sjå på som frivillig kulturarbeid, ligg det mykje dugnadsarbeid og idealisme bak.

Ordføraren trakk i tillegg fram at Håkon har bidrege med mykje ulikt frivillig arbeid i bygda sidan han kom flyttande hit frå Bergen for ein mannsalder sidan. Han har ein bergenser sitt frimodige pågangsmot og ordføraren ser fram til at Håkon vert pensjonist. «Han gjere ein god jobb som lærar, men kunne fått tid til  mykje meir om han ikkje måtte gå på jobb på skulen kvar dag», avslutta Rydland.