Kulturprisen for 2011 gjekk til no avdøde Odd Larsen. I går kveld mottok familien prisen under ei festleg og høgtidsam samkome på Fitjar Fjordhotell.

Odd Larsen var svært sjuk på det tidspunktet vinnar av prisen vart offentleggjort og kunne difor ikkje motta prisen på noko offentleg arrangement. Han døydde berre nokre dagar etter at han var gjort kjend med at han var vinnar av kulturprisen for 2011.

I går vart kulturprisen tildelt enka etter Odd Larsen, Bente Skåra Larsen og sønene Per Egil og Odd Jarl Larsen, Leif Aril Larsen var forhindra i å kome. Med på markeringa var ordførar Wenche Tislevoll, rådmann Atle Tornes og kultursjef Bente Bjelland. Det heile gjekk føre seg på Fitjar fjordhotell.

Prisen var ein skulptur av Fitjarkunstnaren Leif Hedman.

Grunngjeving for tildeling av prisen
Odd Larsen gjorde eit stort arbeid med å samla inn stoff frå 2. verdenskrig, om personar, hendingar og anlegg i Fitjar. Han intervjua alle attlevande som var med i kampane i 1940, alle som var utanriks i militær teneste eller i handelsflåten og alle som var med i heimefronten på ulike måtar. Han hadde ei svært stor samling lydopptak frå dette prosjektet. Dette arbeidet var ferdig før 1985. Då presenterte han stoffet, og mange av veteranane, på ei samling på Rimbareid skule. 

Vidare forska han på Osternes festning og dokumenterte alle bygningar og utstyr. Det resulterte i mykje skriftleg stoff pluss ein stor modell av det komplette anlegget. Odd Larsen hadde ei variert samling krigs-effektar.

Det var russiske krigsfangar på festningen, og han samla vesentlege opplysningar om dei.

Odd Larsen tok opp att gamle tradisjonar og sette fart i Fitjar Idrettslag si skeisegruppe då han flytta til Fitjar. Skeisegruppa fekk ein imponerande opptur. 80-åra vart ein gullalder for skeisesporten, og Larsen var både inspirator, trenar og personleg aktiv. Resultata var så gode og løparane så engasjerte at dei reiste til både Inzell, Innsbruck og Alma Ata for å få betre resultat og slå personlege rekordar. Eit foto i Fitjar Idrettslag si jubileumsbok syner ei gruppe på 14 personar som er på plass i Alma Ata.