I ei pressemelding frå ordførar Harald Rydland kan me lesa at Tora Vestbøstad (81) er tildelt Fitjar kommune sin kulturpris for 2010.

– Tora Vestbøstad har eit heilt liv jobba med Fitjarkulturen, og har sett Fitjar på kartet meir enn ein gong.

Tora starta tidleg med å vera aktiv i revysamanheng, både som aktør og tekstforfattar. Ho har heile livet vore vaken for å fanga opp alt som skjer i lokalsamfunnet og hatt ein eineståande teft og evne til å henta det fram på ein spanande måte.

Ho har og profilert Fitjar på ein god måte både i radio og på TV.  Visene hennar er kanskje det som mest av alt syner kva ho har ytt Fitjarbygda, noko som kom spesielt fram i jubileumskabareten ”Håtta du” tidlegare i år, heiter det mellom anna i pressemeldinga i tilknyting til vedtaket, og Formannskapet som  stod for tildelinga på møtet i dag, understrekar vidare at Tora er ein særs verdig vinnar av Kulturprisen.

Kultursjef Elise Aarbø og underteikna vil vitja Tora kl. 12.00 i morgon. Då er òg pressa invitert til å vera med.  – Me vil då gratulera på skikkeleg vis og overrekka blomar til prisvinnaren, fortel ordførar Harald Rydland til fitjarposten.no.

Tora bur i Fitjar sentrum, like ovanfor Fitjar Meieri.

Du kan lese meir om Tora Vestbøstad i papirutgåva av Fitjarposten som kjem på torsdag.