Kulturprisen for 2011 går til Odd Larsen. Det vedtok Fitjar formannskap i sitt møte tidlegare denne veka.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom anna:

«Odd Larsen har gjort eit stort arbeid med å samla inn stoff frå 2. verdskrig, om personar, hendingar og anlegg i Fitjar. Han har intervjua alle attlevande som var med i kampane i 1940, alle som var utanriks i militær teneste eller i handelsflåten, og alle som var med i heimefronten på ulike måtar. Han har ei svært stor samling lydopptak frå dette prosjektet. Dette arbeidet var ferdig før 1985. Då presenterte han stoffet og mange av veteranane på ei samling på Rimbareid skule.

Vidare forska han på Osternes festning og dokumenterte alle bygninger og utstyr. Det resulterte i mykje skriftleg stoff pluss ein stor modell av det komplette anlegget. Odd Larsen har òg ei stor samling krigseffektar.

Det var russiske krigsfangar på festningen, og Odd Larsen har samla vesentlege opplysningar om dei.

Odd Larsen har òg gjort ein stor innsats innan idretten. Han tok opp att gamle tradisjonar og sette fart i Fitjar Idrettslag si skeisegruppe då han flytta til Fitjar. Skeisegruppa fekk ein imponerande opptur. 80-åra var ein gullalder for skeisesporten i Fitjar, og Larsen var både inspirator, trenar og personleg aktiv. Resultata var så gode og løparane så engasjerte at dei reiste både til Inzell, Innsbruck og Alma Ata for å få betre resultat og personlege rekordar.

I tillegg til dette har Odd Larsen vore flittig med trekkspelet i mange år. Han har spelt i mange forskjellige samanhengar som til dømes på eldredagane i Fitjar.»