I dag vart det klart at Kulturprisen for 2012 går til Lilli Ann og Per Drønen.

I pressemeldinga om saka heiter det:
«Kulturprisen 2012 går til Lilli Ann og Per Drønen. Dei har båe bidrege til å fremja kulturlivet i Fitjar på ein framifrå måte . I Peraløo, som dei driv saman, vert det formidla kultur til både lokale innbyggjarar og turistar. Engasjement deira er med på å gje Fitjar eit godt omdømme som kulturbygd.

Lilli Ann Drønen er leiar og drivkraft i bygdekvinnelaget. Ho har stor interesse for- og kunnskap om matkultur og er ein god formidlar på dette området.
Per Drønen er ein framifrå kulturformidlar. Hans forteljarkunst har imponert mange opp gjennom tidene.»

Fitjarposten gratulerer.