Jakob Vik er tildelt Fitjar kommune sin kulturpris for 2013. – Svært velfortent, synest me.

– Eg vart litt overgidde. Men samstundes var det fantastisk kjekt å få ein slik pris, sier Jakob til fitjarposten.no. Samstundes har det vore flott å få vere med på det eg har tatt del i. Eg var jo så heldig at me voks opp som ein søskenflokk der alle var interessert i musikkinstrument, smiler Jakob i ein kort kommentar til at ordførar og kultursjef i går kom på døra med blomar og gladmeldinga om at han hadde fått prisen.

Det er elles mest utruleg at Jakob ikkje har fått denne prisen før. Me er samde med ordførar Wenche Tislevoll når ho skriv på facebook at Jakob Vik er mest «overkvalifisert» til ein slik pris.

Me trudde me kjende til det meste han hadde vore med på, og så syner det seg at me visste ikkje halvparten ein gong.

Jakob har gjort ein kjempinnsats over mange ti-år, og på fleire forskjellige plan, i Fitjar sitt kulturliv.

Her er nokre stikkord:

  • Starta i Fitjar songlag i 1946
  • Aktiv i Fitjar Ungdomslag i mange år. Forfatta og framførte sketsjar og dikt og var primus motor for revyane 17. mai. 
  • I 1949 var han med og starta Fitjar musikklag.
  • Han var første formann i Fitjar skulekorps.
  • Har vore mandolinspelar i Fitjar Musikkforening i 47 år, og i Sunnhordlandsmusikken i 25 år.
  • Har lenge vore, og er framleis, fast musikar på dei fleste tilstellingar for pensjonistar i kommunen.
  • Han har vore fast frivillig medhjelpar ved gudstenester i snart 40 år.
  • Var teknikar i Radio Fitjar i mange år.