Kulturprisen for 2014 går til Bjørn Haaland. Det bestemte Formannskapet i går.

-Dette var uventa, men veldig kjekt, seier Bjørn, og legg til: -Eg er glad for ein pris som går på det arbeidet Stiftinga Håkon den Gode Fitjar har gjort, og vil gjerne markere at eg tek imot han på vegner av fleire enn meg! Mange har gjort eit stort dugnadsarbeid i denne samanhengen.

I grunngjevinga for prisen
peiker Formannskapet på arbeidet Bjørn Haaland har lagt ned i Håkonarspelet gjennom mange år.

«Han har vore med sidan byrjinga, hatt stor rolle i spelet, men ei endå større rolle i organiseringa og engasjementet i å arrangere spelet. Det er mykje på grunn av han, at me har ei slikt samlande arrangement i Fitjar.

Store og små, gamle og unge, frå ulike deler av samfunnet elles kjem saman om ein felles innsats der ein minnast Håkon den Gode, eit viktig namn i Fitjar si historie.

Når det gjeld dugnad i Håkonarspelet, er Bjørn det første namnet ein kjem på. Bygging av scener og anna, seine nattestimar, og tidlege morgonar. Han er alltid tilgjengeleg!»

 

Ingressbilde: Bjørn Haaland i aksjon under Håkonarspelet i haust. Arkivfoto: FP/HCH