Formannskapet delte på møtet onsdag 10. februar ut Fitjar kommune sin kulturpris for 2009 til Fitjarposten.

Me har fått fylgjande melding frå formannskapet i Fitjar ved ordførar Harald Rydland:

«Fitjarposten vart kåra til vinnar av kulturprisen for 2009.  Formannskapet meiner Fitjarposten gjennom sine medarbeidarar dei siste åra har bidrege til å setja Fitjarbygda på kartet på ein svært positiv måte.  Særskild vert alt det gode arbeidet som føregår innan frivillig sektor i Fitjar formidla og gjort kjent.  Svært mange av bygdefolket og folk utanfor bygda som er glade i Fitjarbygda, gjev utrykk for at dei set stor pris på det arbeidet Fitjarposten gjer.

Sjølv om drifta av Fitjarposten ikkje fullt ut er å sjå på som frivillig kulturarbeid, ligg det mykje dugnadsarbeid og idealisme bak.  Difor meiner Fitjar formannskap mottakaren av prisen fullt ut tilfredstiller krava til å få ein slik pris.»

 -Dette var svært overraskande, oppmuntrande og gledeleg for alle oss som arbeider med Fitjarposten, seier redaktør Håkon C. Hartvedt i sin kommentar til tildelinga.  

-For to år sidan var me på nippen til å leggja ned heile nettsida. Men fantastisk flotte medarbeidarar med stor dugnadsånd, og eit svært positivt næringsliv, har gjort det mogeleg for oss å halda fram, fortel den takksame redaktøren.