Den flotte Kulturmønstringa nyleg, der musikklivet i Fitjar verkeleg fekk syna seg fram, vart ikkje berre ein flott oppleving for dei som høyrde på. Ho gav òg kjærkomne pengar til ei slunken Kulturhus-kasse.  -Slike arrangement som dette er nesten eit leve eller ikkje-leve for Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, sa styreformann for bygget Agnar Aarskog ved overleveringa av sjekken i foajéen i Kulturhuset i går kveld.

–Utan kommunal stønad, som mange tilsvarande bygg i andre kommunar har, slit me med å få endane til å møtast, så desse midlane er svært kjærkomne, la ein takksam Aarskog til. Han  gav vidare skryt til initiativtakarane Terje Træet og Terje Vidar Westvik – og til aktørane, sponsorane og bygdefolket som møtte opp. –Men eg skulle gjerne sett at det var fullt hus, sa han. Summen på 132 000 kroner, er ein samanlagt sum av billettinntekter og sponsormidlar frå mellom anna Fitjar Kraftlag, FIBO Eigedom AS, Odd Larsen AS, Engevik & Tislevoll AS og Vik-Sandvik AS.