Det var eit flott og variert kulturprogram dei frammøtte i kultursalen fekk oppleva laurdag kveld.

Bygda vår har mange ulike, gode kulturkrefter å by på, med stort spenn i sjanger og alder. Det var Terje Træet og Terje Vidar Vestvik som på vegne av Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde stått på for å få til denne mønstringa for å kunne visa folk litt av det flotte kulturlivet som rører seg i bygda vår. Huset fyller i år 10 år, og alle aktørane som deltok gjorde dette som ein dugnad for huset. Mange i bygda viste at dei likar slike arrangement, og salen var tre-kvart full då dørene vart lukka.

Fitjar skulekorps som hadde øvingshelg denne helga fekk æra av å vera først på scenen. Det kunne merkast at dei var godt varme etter 5 timar med øving, og det var flotte framføringar me fekk høyra, både Luna fantasi, Heal the world og sist men ikkje minst den lett humoristiske I hønsegården.

Per Drønen framførde diktet Bygda søv av Jakob Sande. Hans forteljarevne saman med humoren i fortellinga om dei to som var på friarføter til den same jenta kalla fram latteren i salen.

Agnar Aarskog, som var konferansier, minna om at det er ungdomen som er framtida vår, og det var mange ungdomar som deltok på mønstringa. Dei yngste av desse har sin bakgrunn i kulturskulen, som stadig får fram mange nye talent.

Ingvild Prestbø og Judith Emelie Hageberg framførde det svært så avanserte fløyestykket A prelude. Fantastisk flott!

Både Siri Eidsnes og Ole Andre Westerheim er godt kjend for dei som interesserer seg for musikklivet i Fitjar. Mange har fulgt dei frå dei var svært unge, og alle vart svært imponert over kor langt dei har kome. Dei song begge to svært vakkert, som Agnar sa, og synte ei eigen trygg utsråling på scenen som appelerte til publikum. Dei kunne vore med på idol, sa ungar i salen som ser på det som det aller største.

Me har ofte høyrd Ole Andre synga frå pianokrakken. Denne kvelden akkompagnerte han seg sjølv på gitar. Ole Andre hadde og med seg Katrine Nerhus Kristiansen på duetten It ain’t me, babe. Desse to stemmene fungerte svært fint saman.

Osternes mannskor syng mange ulike sjangrar, og framførde denne kvelden tre svært ulike songar: Men går jag øver engarna, Yesterday og den Islandske songen Spreng i sandi. Den siste songen gjorde inntrykk med sin dramatikk og rytme og, som dirigent Ole Kristian Ottestad sa, sin aktuallitet.

Det var all ungdomen, så var det rydda plass i programmet til ein gamal mann, han Oskar (alias Henning Wichmann) som har meiningar om så mangt. Oskar er ein enkel og beint fram kar. Han hadde nyleg skaffa seg bil og kalla fram smilet og latteren hos publikum gong etter gong.

Fitjar musikklag avslutta denne kjekke kveldsstunda med korpsversjonen av I dream a dream og svingande storband musikk i «The stripper» før kanskje kveldens aller største høgdepunkt: Bohemian Rhapsody framførd av Ole Andre Westerheim akkompagnert av Fitjar musikklag. Ein fin song, god balanse mellom korps og vokal og ei fantastisk formidlingsevne hos solisten!

Ei flott avslutting på ein kjekk kveld. Hadde ein klart å rydda scenen betre hadde det vorte ei fullkomen oppleving for både auga og øyra.

Takk til alle deltakarane for ei flott kulturmønstring, som fleire enn Agnar Aarskog håpar kan verta ein årleg tradisjon.