Rundt 20 personar møtte tysdag opp i kommunestyresalen for å høyra meir om kulturminneplanen i Fitjar kommune og uttala seg, før høyringsfristen går ut 1. september.

 

 

I sommar har kulturminneplanen for Fitjar lege ute på nett, slik at grunneigarar og andre interesserte kunne klikka seg inn og gå den nærare etter i saumane. Som eit ledd i høyringsprosessen inviterte kulturkontoret til eit folkemøte, der folk kunne koma med innspel og diskutera litt grundigare kva som var meint frå kommunen si side i dei ulike vurderingane som var gjort undervegs.

 

Som venta var det fleire som lurte på kva dei ulike kategoriane betydde og kva som var meint med vernesoner og kva det innebar for grunneigarar, og kultursjef Bente Bjelland og Aase Nøttveit, som har vore blant dei i kommunen som har jobba mest med denne planen, svara så godt dei kunne. Dei lova å sjå om nokre av definisjonane skulle omformulerast, etter innspel frå salen.

 

Det kom også innspel på faktiske feil i rapporten slik den ligg no, og Bjelland fortel at det var intensjonen med dette folkemøtet, å gje dei som sit med den korrekte kunnskapen, til å koma til orde. I tillegg til dei som har sendt og kjem til å senda sine innspel på e-post.

 

– Dette er ein dugnad, understreka Bjelland. Ho lova at alle innspel vil bli handsama.

 

Også ros

Sjølv om det var nokre kritiske røyster, både til prosessen med registrering og dei verdivurderingane som komiteen hadde gjort var det også ros å få for rapporten slik den teiknar til å bli. Bjørn Arve Lunde, som i mange år har jobba med historie i regionen, fortalte at sjølv om han trudde han kjente Fitjar, var det mykje nytt å henta i rapporten. Også Sigurd André Maraas rosa planen, då han slo fast at dette kanskje var den kjekkaste rapporten han hadde lese i løpet av sine tolv år i politikken.

 

 

Men, for at den skal bli endå kjekkare og meir korrekt, håpar kommunen no at flest mogleg kjem med dei innspela dei måtte ha, slik at rapporten bli best mogleg.