Frå kultursjef Bente Bjelland har fitjarposten.no motteke eit skriv om Kulturminneplanen for Fitjar kommune. Mellom anna handlar han om at ei gruppe skal ta turen rundt i bygda for å registrere kulturminne. Nedanfor kan du lese heile skrivet.

INFORMASJON OM KULTURMINNEPLAN FOR FITJAR KOMMUNE

Riksantikvaren oppfordra i 2011 alle kommunar i Noreg om å foreta registrering av kulturminne. Målet var at ein m.a. skal få betre oversikt over objekta og dermed hindre at viktige kulturminne i lokalsamfunnet går tapt.

I Fitjar kommune vart det vedteke i kommunestyret i desember 2011 at ein skulle laga kulturminneplan. Det vart danna ei prosjektgruppe som har jobba med forprosjektet og som no er klare til å byrja med sjølve registreringsdelen. Ei gruppe frivillige lokale innbyggjarar skal rundt og registrera kulturminne i Fitjar kommune. Dei kjem til å ta bilete og kartfeste bygningane med GPS.

Det vil vera til stor nytte om eigarar vil fortelja historier og segner frå området og hjelpe til med faktaopplysningar om objekta. Dei frivillige kjem til å ha med seg stadnamn frå Fitjar som er samla inn i gamle skulesæroppgåver frå Rimbareid skule. Desse namna er ikkje vorte kartfesta. Me håpar me kan få hjelp frå eigarane til å lokalisere flest mogeleg stadnamn.

Kvifor treng me ein kulturminneplan?
Det er viktig å ta vare på kulturminne fordi det gjev oss kunnskap om historia og om verdfullt handtverk, teknikkar og driftsformer frå eldre tider. Kulturminne gjev identitetsverdiar og særpreg for bygda. Ein kulturminneplan gjev oversikt over kulturminneverdiane i kommunen og er eit nyttig verktøy i kommunal planlegging. Plan- og byggjesakshandsamarar vil med ein slik plan lettare kunne ta omsyn til kulturminne.

Landbruksavdelinga får eit betre grunnlag til å prioritere SMIL-midlar og andre tilskotsordningar. Skulen kan bruke kulturminneplanen til undervisning. Ein set fokus på kulturminne som turistattraksjonar. Eigarar av bygningar og andre kulturminne får mogelegheit til å søkja på fleire tilskotsordingar for restaurering og vedlikehald. Ein kulturminneplan kan fungera som oppslagsverk for lokalbefolkning og andre interesserte. Målet er at den skal bli til eit hefte eller ei bok for sal.

Kva skal registrerast?
Med kulturminne meiner me alle spor etter menneskeleg aktivitet i det fysiske miljøet, og lokalitetar det knyter seg historiske hendingar til. Sidan dette området er mest utan grenser, har Riksantikvaren tinga kulturminneplanar hjå kommunane som tek utgongspunkt i bygningsmiljø og kulturminne i tilknyting til desse. Døme på slike kulturminne kan vera steingardar, veiter, potetkjellarar, vegar, stiar, båtar, osb. Ein kan òg ta med enkeltbygningar og andre kulturminne som er av særskild interesse.

Registreringsarbeidet vil starta 1. februar 2013.

Ein tek sikte på å ha kulturminneplanen ferdig politisk handsama ved utgangen av 2013. Ta gjerne kontakt med Fitjar kulturkontor dersom de har spørsmål.
Telefon 53 45 85 12.