Den nye kulturløypa i Fitjar sentrum blir klar til 50-årsjubileet 18. juni, fortel ordførar Harald Rydland.

Då blir det stor markering av at det er 50 år sidan statuen av Håkon den Gode blei avduka. Den dagen for 50 år sidan var det stor festivitas i Fitjar sentrum, og det blir det i år òg. Håkonarstøtta er eit riksmonument, og det forpliktar, fortel ordføraren.

Fitjarbuar flest veit nok kvifor statuen står der, men slett ikkje alle tilreisande. Difor har Fitjar kommune sett i gang eit prosjekt med å laga ei historisk kulturløype med utgangspunkt i Fitjar sentrum. Det vil bli sett opp eit stort informasjonsskilt ved Fitjar Rådhus for å visa veg vidare. Dei viktige stoppestadene vil og få nye informasjonsskilt til opninga av kulturløypa 18. juni, altså om berre to månader.

Stoppestadene blir:

  • Håkonarparken med riksmonumentet over Håkon den Gode.
  • Kongsbrunnen på kongsgarden på Fitjar.
  • Fitjar kyrkje / kyrkjegarden med info om den gamle kyrkja som blei riven for rundt 150 år sidan.
  • Rimsvarden, som blei nyopna med nytt skilt i 2010.

Prosjektkoordinator for gruppa som arbeider med kulturløypa er Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor. Med i gruppa elles er ordførar Harald Rydland, Toralv Røen, Magnar Kloster, Karvel Strømme og arkeolog Atle Jenssen frå kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Røen er alt i full sving med stien opp til Rimsvarden. Strømme og Kloster lagar tekstar til informasjonsskilta. Dei lagar òg manus til ein brosjyre om kulturløypa. Arkeologen frå fylkeskommunen vil kvalitetssikra fagleg innhald og design på informasjonsskilta, og få dei trykte. Det finst faste malar for slikt.

Harald Rydland ønskjer velkommen til ei stor høgtid laurdag 18. juni, når den nye kulturløypa blir opna. Bl.a. vil dei få eldre og oppegåande folk til å fortelja om den store dagen for 50 år sidan. Og om kvelden vil Fitjarfestivalen arrangera stor konsert i Moahagen, den nye utescenen i Fitjar.