Heilt nord i Bømlo kommune ligg eit par små perler som me foreslår at vêrsjuke fitjarbuar vitjar medan dei ventar på badevêret.

Den stusselege sommaren begynner å tæra på tolmodet for nokon kvar. Derfor foreslår me ein tur til Bømlo kommune, til Goddo og Brandasund.

Berre 60 km frå Fitjar ligg gamle Katla skule, som i dag er museum. Kjør til Svortland og sving mot Brandasund, og sjå etter Skinnhueneset heilt nord på Goddo. Vegen ut til Katla byrjar til venstre i Austvik vegkryss, der den andre strake vegen går til Brandasund. Her ute ligg eit lite skulehus som ikkje har blitt bygt om etter at skulen blei lagt ned i 1973.

Katla skule blei bygd i 1900, og fungerte som skule for folk som budde i nærleiken. Bortsett frå nytt tak, der det blei lagt takheller som er nesten identiske med dei opphavlege, er ikkje Katla skule blitt bygd om. I så måte er skulen eineståande; alle dei andre skulane i Bømlo kommune er anten blitt rivne ned eller bygde opp på nytt.

Når me kjem inn i skulestova, føler me som har levd ei stund, at her har me vore før. Pultane er frå ymse epokar på 1900-talet, karta som heng framme er frå mellomkrigstida. T.d. ser me at dei baltiske statane, Estland, Latvia og Litauen, er sjølvstendige. Kartet over Palestina på Jesu tid meiner me å ha sett før. Det same gjeld biletet frå Akershus Festning i mai 1945, når norske heimefrontsoldatar tek over etter tyskarane. Dersom du har lyst til å skriva med penn og blekk, slik me gjorde fram til 1960-talet, er det berre å seie frå. Alt står klart til bruk, også trekkpapir!

Kateteret og skåpet framme i rommet, skåpet på materialrommet og eit lite skåp på loftet står igjen frå gamle Katla skule. Fysikkutstyret høyrde også til på skulen, og røyrborda og stolane er frå den tida skulen blei lagd ned, i 1973. Ein del bøker, kart og anna utstyr kjem frå andre skular i Bømlo kommune.

Skulemuseet er ope kvar søndag frå klokka 14 til 17. Men dersom du kjem til andre tider, kan du nok få ei omvising om du ringjer ein av kotaktpersonane som du finn namn og telefonnummer til i eit vindauge. Dersom det tar tid før omvisaren kan koma, foreslår me at du tar turen ut til Brandasund. På Fabrikkloftet kan du kan du nyta ein kopp kaffi, eplekake, fiskesuppe eller mykje anna godt medan du ventar.

Og tar du ein kikk opp på veggene, ser du at du er på historisk grunn. Her starta hermetikkfabrikken R. Waage & Søn opp i 1897, den første industribedrifta i Fitjar kommune. Dei oppnådde prisar for god kvalitet på store utstillingar i Tyskland og andre europeiske land.

Me ønskjer både vêrsjuke og andre historisk interesserte god tur!