Det starta allereie i går kveld med utstilling i Kulturhuset, i kveld er det marknad med Fitjar musikklag. Så følgjer det på med ei rekkje spennande kulturarrangement heile helga.

Kunstutstilling i Foajeen Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Denne utstillinga vart sett opp onsdag kveld av kunstnarar frå Fitjar og Stord som var saman på målarkurs i Sauveterre i Frankrike i sommar. No målar dei i lag på Hageberg skule ein gong i månaden.

Marknad torsdag kl. 18.30 Marknaden finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg med musikk av Fitjar skulekorps og Fitjar Musikklag. Servering av mat vert det òg.

Møteveke Fitjar bedehus med Torgeir Lauvås. Møte kvar kveld ut veka  kl. 19.30. Laurdag kveld kl 20.00 “Unge vaksne” med lovsong, andakt, mat og prat – her er stikkord som UFORMELT og SOSIALT på rette plass 🙂 Song og musikk på alle møta.

Quiz på Stranda, fredag kl. 19.30 Denne finn stad på grendahuset Hageberg skule.

Kunstutstilling med Alma og Irene  fredag og laurdag ved Blomaståvo. Alma med glaskunst og Irene med tova produkt og bilder.  – Me blir ikkje tilstede på Julemessa i Fitjartun i år. Men me har salsutstilling hos Larsen fredag 19. november fra kl 15.00 til 18.00 og laurdag 20 november fra kl 09.00 til 17.00. Dåke finn oss utanfor Blomståva, seier dei til fitjarposten.no

Lokalmat frå Fitjar, laurdag Her kan ein få kjøpt gode og sunne produkt frå lokale produsentar. Eit arrangement som har vore svært populært dei siste åra. I år finn det stad på framsida av Larsen-bygget frå kl. 10.00. Her vert det og grilling av laks og poteter.

Julemesse Fitjartun, laurdag 10.00-17.00 og søndag 13.00-17.00 Dette er den tradisjonelle julemessa til Fitjar Husflidslag i Fitjartun. I tillegg til husflid vil ein finna både lokalproduserte gastronomiske godsaker, nye bøker med tilknytning til Fitjar og den nye Fitjarkalenderen her.

Julemesse i Øvrebygda, laurdag kl. 14.00 Denne julemessa vert arrangert på Øvrebygda bedehus og går til inntekt for Normisjon

Konsert i Kyrkja med foCus quartet og amerikansk pianist, søndag kl. 17.00 Gruppa er i frå Austevoll og starta i si tid opp som Nordstrandbrødrene. Pianisten som det skal gå gjetord om heiter Brad White, og her snakkar me om sørstatsgospel. Billettane kostar kr. 200,-. (500,- for familie)