I kveld er det ekstra kaldt i Fitjar, og me har målt minus 22,5 grader på myrane på Helland for ei stund sidan.

Fredag kveld har det vore styggkaldt i og rundt Fitjar sentrum. 16-17 grader viste termometeret både her og der. Derfor tok Fitjarposten ein tur rundt Storavatnet for å sjekka temperaturen oppe i bygdo. Rapportane frå Helland i det siste har vore skræmande; det skal ha vore minus 21 om morgonen tidlegare i veka.

Og det gjekk som frykta. Då me kom ned Klementsbrekko, seig temperaturen ubønhøyrleg under 20 grader. Og det gav seg ikkje med det. Vel forbi Jensabekkjen og bortover myrane mot Rabbakleivo og Støladalen viste termometeret minus 22,5 grader! Kan det vera rekord? Det er i alle høve det kaldaste folk på Helland kan hugsa.

Og Helland ser ut til å vera kaldaste plassen i bygda nett no.