Hilde Volden de Fine viser oss hobbyen sin.

Saman med ektefelle Oddvar og to born driv ho gardsbruk på Helland, der dei blant anna har mohairgeiter. Det heile starta med at dei trong hjelp til å rydde landskapet, for lauvskogen tek lett overhand. Då kom idéen om å skaffe seg dyr som kunne gnage ned og halde lauvskogen i sjakk. Dei to første geitene vart kjøpt i 2007. Seinare har flokken auka, og nytten av desse dyra har blitt mangesidig etter kvart.

Denne spesielle rasen heiter mohairgeiter. Det er folkekjære dyr som kjem springande når matmor lokkar med brødskalkar. Geitene stongar ikkje, horna er uvanleg lange, men mjuke i tuppane, og det vert laga knappar av dei. Ulla er krulla og fiberen er spesielt tynn og blank. Det er ikkje lanolin i fiberen, derfor er han glatt å kjenne på. Sokkar av dette garnet krympar berre litt etter lang tids bruk. Hilde fortel at dei klypper geitene to gonger i året, haust og vår. Ulla vert sortert og reinska for boss før sending til «Telespinn» i Telemark. Derifrå kjøper Hilde ferdig garn i eit rikhaldig fargespekter. Garnet er svært miljøvenleg, for spinneriet legg vekt på å bruke ufarlege kjemikaliar i fargeprosessen.                    

Av garnsortane kan me emne: Pangarn: Tre-tråds bukkegarn med 25 % ull frå dalasau, brukt til tykke og gode sokkar, men og andre plagg. Symregarn: To-tråds garn frå unge geiter, med 25 % ull frå dalalam, mykje brukt til genserar. Marigarn: To-tråds garn frå kje med 20 % merino-ull, høvelg til luer, sjal og barnetøy. Ryegarnet, blanding av mohair og spælau, er spunne rundt ein kjerne eller hardare tråd og passar fint til hekla sitjeunderlag og puff og vevde ryer.

Som nemnd tidlegare er mohairgeitene gode beiteryddarar i kulturlandskapet. Dei gneg bork på lauvtrea slik at desse etter kvart daudar. Elles et dei blad og hjelper kvarandre å halde små treskot nede slik at ein får gnage på dei. Barnåler frå sitkagran fell og i smak.

Mohairgeitene kan gå ute om vinteren, men tåler ikkje kulde kombinert med fuktighet. Innandørs går geitene på talle av halm. Dei vert fora med høy, havre og kraftfor. Kjøt av mohairgeiter er godt, seier Hilde.

Hilde er oppteken av å selje opplevingar der ein kan sjå seg om utandørs og finne roen. Geiter og kje beitar i inngjerding nær huset. På denne tida går dei tre bukkane på eit jorde for seg sjølve. Fleire barnehagar har vore på besøk hos familien de Fine. Elles tek Hilde i mot kundar i reisefølgje eller enkeltvis. Ta gjerne kontakt.

I kjellaren har Hilde eit stort rom med god plass til dei produkta ho sel, garn eller ferdigstrikka, solide sokkar av mohairull. Desse er svært slitesterke og varme, og dei kjøper ho frå firma Jorine Mohair. Ho arbeider dessutan med å lage oppskrifter og modellar av det mjuke garnet. Hilde har til dessar berre annonsert på facebook og elles gjennom kjende i nærmiljøet. Når ho står på stand, kjem det kundar utanom Fitjar også, og fleire av desse tingar varer ved seinare høve. Det høver å fortelje at Hilde også sel produkt frå Falby Interiør. I tillegg kan ein setje seg ned og nyte ein kopp kaffi medan praten går om det som er Hilde sin store hobby: mohairgeiter.