I morgon feirer Martha og Gudmund Gloppen krondiamant-bryllaupsdag. Det tyder at det har gått 65 år år sidan dei gifta seg i Fitjar kyrkje og heldt bryllaup i «Gamlebanken» på Fitjar, 29. juli 1950. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Åra  har gått forrykande fort, seier Martha og held Gudmund kjærleiksfullt  i armen. Ho fortel vidare at dei denne gongen markerer dagen i det stille, men at dei feira diamantbryllaupsdagen for 5 år sidan i Rosendal.

Når det gjeld sjølve bryllaupsdagen for 65-år sidan, minnest Gudmund at det var ein flott olsokdag med nydeleg vêr.

Han fortel at Peder Vestbøstad kjøpte ein okse som vart slakta i høve bryllaupet, og at det var rundt 100 gjestar frå nabogardane i tillegg til slekt og familie som fekk kosa seg med oksesteiken og dei andre godsakene bryllaupet bydde på.

– Me feira ikkje bryllaup over fleire dagar, men me laga til mat for dei tilreisande dagen etterpå, minnest Gudmund. 

– Om åra har godt fort, har me hatt gode år i lag. Og me er takksame både for det og at me har fått behalde god helse,  smiler Martha og ser på Gudmund som smiler bekreftande tilbake.

Martha og Gudmund likar å køyre bil. Dei har køyrt «Noreg rundt på kryss og tvers», og om sydenturar kan vere kjekke, er Noreg best, meiner dei. Foto: Tor Gunnar Gloppen.