Ein stor kontingent Fitjar-løparar trassa nysnøen og drog til Stord for å vera med på Kristtornløpet i går.

Dagen starta med at snøen lava ned, og det var skikkeleg vinterføre då me starta køyreturen frå Fitjar til Heiane og årets Kristornløp. Heldigvis var det litt mindre snø sør på øya, og det vart opphald og greie forhold for o-løp – sjølv om det var litt kaldt på leikeplassen ved Meatjødno og ute i løypene.

17 Fitjar-løparar stilte til start, og dei fleste i nybyrjarklassar. Løypene var passe krevjande, og alle fekk ein fin tur i skogen. Etter løpet var det sosial samling for rekruttar med foreldre i Stord, Solid og Fitjar på Leirvik skule. Her var det m.a. quiz, pizza, kaker, frukt og premieutdeling for dagens løp. Nesten 40 born + foreldre hadde ein fin ettermiddag, og dei tre o-klubbane på øya ser lyst på rekrutteringa framover. Det neste samarbeidsprosjektet er o-troll-leir for dei mellom 9 og 14 år på Lundarstølen 8. – 9. mai.

Resultat frå Kristtornløpet finn du her.

I morgon, tysdag 9. april, blir det nytt o-løp, denne gongen på Sæterbø. Solid arrangerer då det 1. rankingløpet for Sunnhordland, og det er berre å stille opp. Start mellom kl. 17.30 og 18.30, i fire løyper, Nybyrjar, Lett, A-kort og A-lang.