Tittelen er emnet som arbeidsgruppa Kristen Skule i Sunnhordland inviterte til møte om på Hageberg skule i går kveld.

I tillegg til den nemnde arbeidsgruppa, Kåre Hindenes frå Nordhordland Kristne Grunnskule og Rune Todesen frå Kristent Pedagogisk Nettverk (KPN) var seks personar frå Fitjar til stades.

Geir M. Økland fortalde om bakgrunnen for initiativet, og snakka så om bygg.

– Når det gjeld bygg, så er Hageberg skule det einaste aktuelle lokalet no, men om det dukkar opp nokre andre alternativ før 1. april, så vil me vurdera det, sa han. Økland hevda vidare at nokre av dei fremste psykologane i Noreg, i etterkant av Utøya-tragedien skal ha uttalt at: «Når ei mor er knust av sorg etter tapet av ei 14 år gammal dotter, då kjem me som fagfolk til eit punkt der det berre er ein ting me kan gjere. Det er å ta mora i hendene og sei at du kan håpa på å får møta henne igjen.» Trua på Gud, ein god Gud, er det viktigaste me kan gje borna våre, sa Geir Martin Økland.

Rune Todesen, leiar i KPN, tok deretter over og snakka om: «Kvifor starte ein kristen skule». Han refererte til FN sin barnekonvensjon der det står at «Foreldra har ansvaret for barnet si oppseding.» -Foreldre har rett og plikt til å oppsede i tråd med deira kultur og tradisjon. Dette er noko ein kristen skule gjer for dei som har ein kristen kulltur og tradisjon. På ein kristen skule er det naturleg å tru på Jesus, sa han.

KPN har i samarbeid med Danielsen og NLA utforma ei lærebok i bibelkunnskap og i Etikk. Dei arbeider også med fleire hefte og lærebøker. Mellom anna har dei fått godkjent eit tillegg til den generelle delen i læreplanen, for å få borna sine åndelege behov poengtert. I november i år hadde dei ei helg der 225 lærarar frå 15 forskjellige skular var samla for å læra meir om temaet: «Verdiformidling og danning». KPN er ope for kristne skular uansett teologisk ståstad, og har ei brei kontaktflate. KPN har ikkje eigarforhold i nokon skule, men arbeider for å hjelpa og støtta kristne skular. Dei auka nyleg til 17 skular.

Nordhordland Kristne Grunnskule

Kåre Hindenes, som er administrasjonsleiar på Nordhordland Kristne Grunnskule, har vore med sidan starten på skulen for over 10 år sidan. Han sende då den eine sonen sin på skulen som den gongen hadde 21 elevar og nokre få lærarar. – Då var det stor skepsis til skulen blant folk flest, sa han og fortsette:

– No har skulen 83 elevar og vekst kvart år. Me opplever at skulen er blitt ein positiv bidragsytar i lokalmiljøet og er godt likt av alle. Ordføraren er innom nesten kvart år, og både PPT og BUP har anbefalt foreldre å senda borna sine på skulen. Skulen er open for alle uansett tru, så lenge ein aksepterer skulen sin profil og verdiinnhald. NKG vektlegg eit miljø prega av gjensidig respekt og legg til rette for at elevane skal kunne få eit personleg forhold til Jesus. Dei har opplevd mange elevar som har fått eit mykje betre liv etter at dei byrja på skulen, og dette har gitt ringverknadar til heimane.

Det er Nordhordland Bibelsenter som står som eigar av skulen og lokala. Men styret er ope for alle kyrkjelydar, dei har også lærarar og elevar frå alle samanhengar. Hindenes sa at det har vore ei stor velsigning for kyrkjelyden å ha eit samarbeid med skulen, og like eins for skulen å samarbeida med kyrkjelyden. – «Dei kyrkjelydane på Stord som ser dette og tar denne utfordringa, vil bli rikt velsigna», meinte Kåre Hindenes til slutt i sitt innlegg på Hageberg skule i går.

Spørsmål og samtale

Etter innlegget til Hindenes var det rom for spørsmål, og fleire ting vart drøfta.

På spørsmål om elevane vart isolerte, sa Rune Todesen at hans erfaring var at borna får ei større kontaktflate ved å gå på ein kristen skule. Dei har venene i nærmiljøet, og i tillegg får dei vener frå eit større geografisk område på skulen. Dette medfører meir køyring for å besøkja vener, men det går stort sett bra.

Når det gjeld modell for ein kristen skule på Stord, så vert det ein tverrkyrkjeleg skule. Alle kyrkjelydane er invitert til å vera med, om ingen av dei blir det, vert det eit foreldreinitiativ der andre kan verta med etter kvart.

På spørsmål om kvifor ein ikkje er med i Danielsen sitt opplegg, svara Geir Martin Økland at dei har vore i kontakt med Danielsen, og at Danielsen støttar initiativet, blant anna med hjelp til å utforma søknaden. Men dei har dessverre ikkje kapasitet til å starta fleire skular no, i det dei er i gang med å starta tre andre skular.

Todesen meinte til slutt at det er plass for ein kristen skule på Stord, og avslutta med å hevda at ein kristen skule er med på å byggje bru mellom menneske og kyrkjesamfunn.