Fitjar KRIK hadde fredag kveld inspirerande besøk frå KRIK Hordaland. Det vart som vanleg stor aktivitet og mykje glede og liv i den store idrettshallen, og ein del «nye» idrettar.

Det var Magne Fjelddalen og Astrid Hausken som kom på besøk frå KRIK Hordaland for å sjå til lokalaget på Fitjar. I tillegg til å leia aktivitetane og ha andakt ynskte dei å kunne vera tilgjengelege for spørsmål, koma med tips og idear m.m. Magne sit i styret for KRIK Hordaland. Astrid er eittåring i KRIK som ein del av T2-undervisingaBildøy. Etter endt trening fortel Astrid at det har vore inspirerande for dei og å få koma til Fitjar. Her er KRIK ein stor gjeng, dei har  mange  leiarar og dei har eit utvida tilbod med U-caf etterpå.

Ungdomane har to treningsøkter i løpet av kvelden, med ein pause med andakt imellom. I dag var det Magne Fjelddalen som  snakte til dei frammøtte. Han minna om det doble kjærleiksbodet, om å elska Gud og nesten sin som seg sjølv.  Det er ein god leveregel henta frå Bibelen og dersom ein tek det med i kvardagen så får ein eit fint liv. Ressursteamet reklamerte og for den nasjonale samlinga Action som skal vera i Bø i sommar. Johannes Olsen som er ein av vaksenleiarane på Fitjar seier dei har planer om å arrangera tur dit i år.

Helene Solli Koløen, som går i 10. klasse og er ei av dei unge KRIK-leiarane på Fitjar, hadde ansvar for oppvarminga i den andre treningsøkta. Det var ein artig variant av tikken som handla om at alle som vart tikka måtte halda saman i ei rekka. Det vart høgt tempo og mykje lott og løye av dette, og snart var alle godt varme. Resten av aktivitetane var det ressursteamet frå Hordaland som stod for. Dei som ville vera med vart delt i 4 lag og skulle spela noko dei kalla Handicap-innebandy. Andre haldt på med fotball i andre halvdel av salen, ein del høyrde på musikk og nokre hadde funne seg ein kvileplass på «tjukkasen».

Aktiviteten starta med vanleg innebandy med vanleg køllebruk. Etter kvart fekk ein utdelt ulike handicap, som å spela med køllene på ryggen, bruka sko som køller, fotball som ball, to og to om ei kølla, sitte-bandy og til slutt sko-kølle-bandy med ein sko festa til tuppen av kølla. Ungdomane var raske til å ta imot beskjedar om kva handikap dei skulle ha til ei kvar tid, sjølv om dette var heilt nytt for dei. Innsatsen var det ingenting å seia på verken hos leiarane eller ungdomane, og alle såg ut til å storkosa seg på banen. Etter endt trening var ein av dei unge leiarane på plass for å høyra med ressursteamet kvar dei får alle ideane frå, for det er ganske kjekt med nye aktivitetar. Noko kan ein finna på heimseida til KRIK.

Resten av gjengen var optekne med å eta pizza, eller spela det populære bilspelet, bordtennis med eller utan bord eller berre sitta og prata. Til ære for besøket serverte Katrine Berrefjord og Aud Kirsten Lillenes Helland gratis pizza og saft til alle. Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu er primus motor for KRIK og fortel at til vanleg brukar dei å selja mat, pizza, vaflar eller noko anna. Han synes det er veldig kjekt med KRIK, og kjekt at så mange har lyst å  koma.

På veg ut treff eg Solveig Lambach Fitjar og Helene Rimmereid som stråler og gjerne vil fortelja om kor kjekt dei har det på KRIK. «Det er kjempekjekt her, og det er me som lager liv! Me blir så engasjerte og me er gode på dribling….og så håper me at det kan bli boksing eller rugby ein gong her». Men no skal dei aller først setja seg ned med pc’n for å skriva til kyrkjelydsbladet om konfirmantåret som snart er over. Det er mange konfirmantar på KRIK, men og nokre frå 8. klasse, ein stor gjeng frå 10., og kanskje nokre eldre…

Neste fredag klokka 19.00 er det igjen klart for KRIK i idrettshallen og gongen etter det  vert det avslutting.