Mange unge var samla i foajeen i Kultur- og idrettsbygget i går kveld.

Då me stakk innom, var aktivitetane slutt og andakt stod på programmet. Sofie Rygg Nøttveit, ei av dei mange som tidlegare var trufast KRIK-medlem, fekk full merksemd då ho fortalde frå eigen oppvekst og understreka at Jesus gir frihet. Ho minna om at me er høgt elska av Gud; det er han som har skapt oss og vil oss det beste. Nobu viste film frå KRIK-jubiléet i Oslo, og to av dei tre unge frå Fitjar som deltok der, fortalde om feiringa. Dette kan ein lese meir om i ein annan  artikkel tidlegare denne veka.
Høgdepunktet denne kvelden var ei lita feiring av KRIK sitt tretti-årsjubileum med to gode kaker.

I ei samtale med Sigbjørn, Jeanett og Marthe kom det fram at dei møter opp så ofte som råd. Her er det sosialt og godt fellesskap for unge frå åttande til tiande klasse. Nobu er det kulaste med heile KRIK, han er ein av dei som gjer det kjekt, vart det sagt.