Lovsongsteam og eige band var med og sette eit ungdommeleg preg på gudstenesta i dag. Lovsongsteam og eige band var med og sette eit ungdommeleg preg på gudstenesta i dag. Kyrkjelydsprest Nobu Imazu var liturg og ønskte alle velkomne til kyrkje. Kjende og ukjende lovsongar, der kyrkjelyden song med,  vart vakkert framførd av Silje Devik, Irene Koløen og Audun Mehammer, akkompagnert av gitar, piano og slagverk.

KRIK sine leiarar og medlemmer var og med på tekstlesing, kunngjeringar og offerbøn. Ein engasjert kyrkjelydsprest tala ut frå dagens tekst og fanga dei unge si merksemd bl.a. ved hjelp av Powerpoint. To unge gutar som trivest godt på KRIK-samlingane vart intervjua. Nobu avslutta preika med desse orda: Det er viktig å trene og viktig å bli Jesus lik.

Svært mange konfirmantar og foreldre hadde funne vegen til kyrkje i dag. Etter gudstenesta fekk desse informasjon om resten av konfirmantåret.

Dei som vil vite meir om KRIK kan lese Nobu si førehandsmelding som stod på fitjarposten.no sist fredag.

steroide anabolisant musculation